Årestoga på Raulandsakademiet er lafta og er større enn dei årestogene som er bevart frå mellomalderen. Det er lagt inn elektrisk ljos og lagt steingolv med varmekablar slik at huset skal vera meir brukeleg i vår tid. Det er og installert eit lite kjøken der for enkel servering.
Årestoga er festlokalet vårt. Tømmerveggar og utskjeringar gjev ein fin stemning i rommet. Årestoga eignar seg til festlege lag slik som gjestebod og runde år. Det er god plass til 40 –50 personar. Det er dekketøy til 50 personar, og det kan serverast enkle måltid. Raulandsakademiet har skjenkeløyve i Årestoga. Gjester som bur på Raulandsakademiet, kan bruke Årestoga til sosialt samver.
Årestoga
Årestoga på Raulandsakademiet er eit av husa på Telemarkstunet. Tunet blei bygd opp fyrst på 90- talet. I tillegg til Årestoga finn ein kopiar av andre tradisjonelle bygg så som bustadhus, låve, bur, loft, stall, badstoge og eldhus. Dei andre husa blir bruka til møterom, utstilligar og verkstad.