Me tilbyr kurs om sliping med Tormek slipemaskin og bandslipar. Godt verktøy er halve arbeidet! Minst! Opplev å få ein sløv kniv kvass. Du lærer å slipe på ein enkel måte. Du gjer det sjølv og lærer små triks slik at du kan arbeide på eiga hand etter kurset.
Innhald:
Du lærer å slipe dreiejern, knivar, sakser, tappjern, treskjerarjern, ljåar, økser m.m. Alle må ta med mange ting å slipe opp. Arbeidsforma blir gruppeundervising og individuell opplæring.
Lærar: Per Sandvik
Målgruppe for kurset:
Alle som ynskjer kurs om sliping med Tormek slipemaskin
Forkunnskaper:
• Ingen krav til forkunnskaper
Kursmateriell:
• Ta med ting å slipe opp, til dømes knivar, sakser, tappjern, dreiejern, treskjerarjern, økser m.m.
• Hugs å ta med veldig mange ting å slipe på. «Øving gjer meister»
• Ta med ein Tormek slipemaskin dersom du vil trene på det.
• Ta med ein handhaldt bandslipar for treverk dersom du har.
• Rauland husflidslag har bandslipemaskinar som deltakarane kan få leige til bruk på kurset(300kr i leige).
• Ta på arbeidstøy, verneutstyr og vernebriller
Per Sandvik har dette for sal:
• Pakke med bryneutstyr: kr 400.-
Ta gjerne kontakt med lærar dersom du har spørsmål eller berre for å fortelje kor mykje du har arbeidd med sliping tidlegare.
Me gjer merksam på:
Gjennom Studieforbundet kultur og tradisjon er dette kurset dekt av Kopinoravtalen, som tillet kopiering frå bøker og trykksaker til undervisningsføremål. Me reknar med at deltakar fylgjer tryggleiksinstruksar frå kursarrangør og kurslærar. Kursdeltakar er ikkje dekt av forsikring frå arrangør.
Avmeldingsinformasjon:
Påmeldinga er bindande. Dersom du ikkje kan møte på eit kurs du har meldt deg på, er det viktig at du melder frå skriftleg (e-post eller brev) så fort som mogeleg.
Ein betalar eit depositum på kr. 950 ved påmelding av eit kurs. Innbetalt depositum blir ikkje refundert fram til fire veker(28 dagar)før kursstart. Ved avmelding seinare enn 28 dagar før kursstart må heile kursavgifta betalast. Dette gjelde også om det er sjukdom eller andre årsaker.
Ein kan bytte kurs innafor sama år, men kan ikkje skuve påmeldinga til neste år.