Me tilbyr kurs om staskniv til bunad. På kurset vil du lære heile prosessen med å lage ein staskniv til bunad. To sylvholkar på skaftet og to på slira. Målsettinga med kurset er at deltakarne vil lære å lage staskniv med sylvbeslag.
Kursinnhald:
1) Slire:
•På grunn av tida får du ferdig rett slire, du kan velge mellom dame -eller herrekniv. (gje beskjed kva du ynskjer)
2) Knivblad:
•Her får du eit smidd laminert blad laga til staskniv
3) Skaftet:
•Her får du skaft av valbjørk som du skal tilpasse og overflatebehandle.
4) Sylvarbeid:
•Lage to holkar på skaftet og to på slira (toppholk og doppsko)
5) Lage hengsle for oppheng på slireholken med tilpasning og lodding. Polering og etterbehandling av sylvbeslaga.
Lærer: Morten Håkonsen
Moten Håkonsen er heiltidsknivmaker - og knivsmed. Han er ein av landet sine beste på sitt område og har premiar på øvste hylle både for knivmaking og smiing.
Målgruppe for kurset:
Alle som ynskjer kurs om staskniv til bunad
Forkunnskaper:
• Du må ha laga brukskniv tidlegare
Kursmateriell:
• Kurslærar sender ei verktøyliste til kvar deltakar
• Du får låne eller kjøpe naudsynt verktøy av lærer
• Ta med det du har av privat verktøy
• Husk å merke privat utstyr og verktøy med namn
• Materialkostnad per kniv ca. kr 2.500,-. Ikkje inkludert i kursprisen
Me gjer merksam på:
Gjennom Studieforbundet kultur og tradisjon er dette kurset dekt av Kopinoravtalen, som tillet kopiering frå bøker og frå trykksaker til undervisningsføremål. Me reknar med at deltakar følgjer tryggleikssinstruksar frå kursarrangør og kurslærar. Kursdeltakar er ikkje dekt av forsikring frå arrangør.
Avmeldingsinformasjon for kurs og opphald/matpakker:
Påmelding er bindande. Dersom du ikkje kan delta på kurset du har meldt deg på, er det viktig at du sender skriftleg avmelding til post(alfakrøll)raulandsakademiet.no, så snart du veit du ikkje kan delta.
Du betalar eit depositum à kr. 950.- ved påmelding til kurs. Angrefrist er 14 dagar med refusjon av depositumet. Etter dette vil ikkje depositumet bli attendebetalt ved avbestilling.
Avmelding til kurset 30 dagar eller mindre, før kursstart, må heile kursavgifta, og bestilt opphald med fullpensjon eller matpakker bli betalt. Det gjeld uansett grunn, også sjukdom.
Dersom Raulandsakademiet må avlyse eit kurs er ikkje dette gjeldande.
Generell informasjon:
Det er ikkje tillate med hund i kursvekene.
Eigne prisar for overnatting og matpakker når det er kurs.
Påmelding før 1.mars til sommarkurs gjev 10 % rabatt.
Påmelding før 1.juni til haustkurs gjev 10 % rabatt.