Brikkevev, bunadsband frå Telemark



Sted: Raulandsakademiet
          Telemark, Vinje
Kursadresse: Akademiet 2, 3864 Rauland (kart)
Type:Åpent kurs / gruppeundervisning
Studie / yrkesutdanning
Undervisningstid: Innsjekking frå kl. 14.00
Varighet: 4 dager
Pris: 5400
Neste kurs: 09.10.2025 | Vis alle kursdatoer

Me tilbyr kurs i brikkevev, bunadsband frå Telemark. På kurset vil du lære å lage brikkeband som blir bruka til folkedraktene I Aust-Telemark. Om du er nybyrjar startar du med eit barneband, dersom du har meir erfaring med brikkevev lagar du eit hårband i full lengde.

Innhald:
Arbeidsform: Kvar dag vekslar me mellom felles gjennomgang, individuelt arbeid, individuell rettleiing og felles diskusjonar. Målsettinga er å lære brikkevevteknikken, å få innføring i brikkevevstradisjon i Telemark.

Lærar: Rine Loen er utdanna lærar. Ho har god erfaring med å undervise i brikkevev for ungdomsskulen og vaksne. Rine har drive med brikkevev frå 2015.

Målgruppe for kurset:
Kurset passar for alle

Forkunnskaper:
• Det er ein fordel å ha kjennskap til brikkevevsteknikken, men ikkje naudsynt

Kursmateriell:
Du må ha med:
• Skrivesaker og rutepapir / ruteblokk, fargeblyantar
• 4-hols brikker, du treng ca 30 brikker per. band
• Bandvevfeste, bandvevbelte og vevkniv

Du kan få kjøpt brikker, bandvevfeste, bandvevbelte på Raulandsakademiet:
• Brikker kr 12 per stk (Sel pakker på 10 stk = 120kr)
• Bandvevfeste kr 150.-
• Bandvevbelte kr 350.-
• Maskenål kr 10.-
• Vevkniv 100 kr

Rine har til sals - IKKJE INKLUDERT I KURSPRISEN:
• 6-tråds ullgarn, garn som egnar seg svært godt til brikkeveving
• Bomullsgarn til innslag
• Materialkostnad ca. 300 - 400 kr

Me gjer merksam på:
Gjennom Studieforbundet kultur og tradisjon er dette kurset dekt av Kopinoravtala, som tillet kopiering frå bøker og trykksaker til undervisningsføremål. Me reknar med at deltakar følgjer sikkerhetsinstruksar frå kursarrangør og kurslærar. Kursdeltakar er ikkje dekt av forsikring frå arrangør.

Avmeldingsinformasjon for kurs og opphald/matpakker:
Påmeldinga er bindande. Dersom du ikkje kan delta på kurset du har meldt deg på, er det viktig at du sender skriftleg avmelding til post(alfakrøll)raulandsakademiet.no, så snart du veit du ikkje kan delta.
Du betalar eit depositum à kr. 950.- ved påmelding til kurs. Angrefrist er 14 dagar med refusjon av depositumet. Etter dette vil ikkje depositumet bli attendebetalt ved avbestilling.
Avmelding til kurset 30 dagar eller mindre, før kursstart, må heile kursavgifta, og bestilt opphald med fullpensjon eller matpakker bli betalt. Det gjeld uansett grunn, også sjukdom.
Dersom Raulandsakademiet må avlyse eit kurs er ikkje dette gjeldande.

Generell informasjon:
Det er ikkje tillate med hund i kursvekene.
Eigne prisar for overnatting og matpakker når det er kurs.
Påmelding før 1.mars til sommarkurs gjev 10 % rabatt.
Påmelding før 1.juni til haustkurs gjev 10 % rabatt.