Me tilbyr kurs i fermentering, sjølvhushald. Bli med tidligere Farmen- mentor, Hedda Kortnes. Lær korleis du med enkle grep kan få ein meir berekraftig kvardag med fermentering og sjølvberging. Målsettinga er å lære korleis du kan kome deg gjennom vinteren med mykje sjølvprodusert mat
Dette vil være lærdom og kunnskap de vil få innsikt i, i løpet av kurset:
• Berekraft og permakultur, korleis leve meir sjølvbergande?
• Kva er fermentering
• Lag din eigen fermenterte surkål til jul
• Fermenterte drikk
• Gamle tradisjonar med mjølk og syrning
• Kva er urkorn og korleis bruke det
• Belgvekstar og norske gule ertar, ei stor næringskjelde
• Korleis lage sin eigen næringsrike «grøne oase» på kjøkkenbenken gjennom heile vinteren
• Korleis lage sin eigen rå grønnsaksbuljong som held seg gjennom heile vinteren
Dette vil m også koma innom:
• Ville vekstar og kjøkkenhage, dyrking og hausting
• Naturlig sjølvpleie. Yoga og spa
Lærar: Hedda Kortnes
E-post: heddir(a)online.no
Målgruppe for kurset:
Alle som ynskjer kurs i permakultur, fermentering og sjølvhushald
Forkunnskaper:
• Ingen krav til forkunnskaper
Kursmateriell:
• Forkle, innesko, fjøl, kniv.
• 1 stk 1 L glas der du kan få handa ned i (Noregsglas)
• 1 stk ½ glas (Noregsglas)
• Små glas om du ynskjer å ta med deg nokre startkulturar heim
• Skrivesaker
Råvarer:
ca kr 300,- pr pers
Me gjer merksam på:
Gjennom Studieforbundet kultur og tradisjon er dette kurset dekt av Kopinoravtalen, som tillet kopiering frå bøker og trykksaker til undervisningsføremål. Me reknar med at deltakar følgjer sikkerhetsinstruksar frå kursarrangør og kurslærar. Kursdeltakar er ikkje dekt av forsikring frå arrangør.
Avmeldingsinformasjon for kurs og opphald/matpakker
Påmelding er bindande. Dersom du ikkje kan delta på kurset du har meldt deg på, er det viktig at du sender skriftleg avmelding til post(alfakrøll)raulandsakademiet.no, så snart du veit du ikkje kan delta.
Du betalar eit depositum à kr. 950.- ved påmelding til kurs. Angrefrist er 14 dagar med refusjon av depositumet. Etter dette vil ikkje depositumet bli attendebetalt ved avbestilling.
Avmelding til kurset 30 dagar eller mindre, før kursstart, må heile kursavgifta, og bestilt opphald med fullpensjon eller matpakker bli betalt. Det gjeld uansett grunn, også sjukdom.
Dersom Raulandsakademiet må avlyse eit kurs er ikkje dette gjeldande.
Generell informasjon:
Det er ikkje tillate med hund i kursvekene.
Eigne prisar for overnatting og matpakker når det er kurs.
Påmelding før 1.mars til sommarkurs gjev 10 % rabatt.
Påmelding før 1.juni til haustkurs gjev 10 % rabatt.