Pilfletting



Sted: Raulandsakademiet
          Telemark, Vinje
Kursadresse: Akademiet 2, 3864 Rauland (kart)
Type:Åpent kurs / gruppeundervisning
Studie / yrkesutdanning
Undervisningstid: Innsjekking frå kl. 14.00
Varighet: 7 dager
Pris: 8500

Me tilbyr kurs i pilfletting for nybyrjarar og øvde innan pilflettingskunsten. Målsettinga med kurset er å lære dei grunnleggande teknikkane innan korgfletting med pil. Pil er eit inspirerande materiale å jobbe med.

Det blir undervist i grunnleggande teknikkar i korgfletting, både runde og ovale korger:
• Kimning
• Forskjellige sideflettingar
• Nedleggeing av kant
• Påsetting av hank eller lærreim

Dei som ynskjer det kan og lage katalanske korger. Det blir ei spanande og annleis korg som passer veldig godt til små nette arbeid, men det kan også bli laga større korger. Kursdeltakarane kan ta med eige verktøy eller du kan og låne, eller kjøpe av Klara Pil. Av praktiske årsakar må Klara Pil ha antal påmelde seinast 2 veker før kursstart. Då blir pilen lagt i bløyt så den er klar til kurset. www.klarapil.no.

Arbeidsform:
Me flettar korger med katalansk botn som utgangspunkt. Den egner seg både til runde og ovale korger. Undervisninga vil bli meir individuell ettersom kurset går framover.

Lærar: Klara Pil. Epost: post(a)klarapil.no

Målgruppe for kurset:
Kurset passar for både nybyrjarar og øvde innan korgfletting.

Forkunnskaper:
• Ingen krav til førekunnskap

Kursmateriell:
Ta med skarp kniv, sekatør, bankejern, kraftig syl og gjerne eit lodd. Det er mogleg å låne frå lærar for dei som ikkje har verktøy sjølve. Lærar har verktøy til sals. Materialforbruket er litt vanskeleg å sei noko om då det vil vera veldig forskjellig kor mykje kvar einskild flettar. Så me seier at det kan bli ca 500,-alt etter kor ivrig ein er og kor store ting ein flettar.

Du kan få kjøpt verktøy på kurset:
Verktøyprisar:
Sekatør 370,-
Syl 650,-
Bankejern 590,-
Optinel kniv 330,-

Me gjer merksam på:
Gjennom Studieforbundet -kultur og tradisjon er dette kurset dekt av Kopinoravtala, som tillet kopiering frå bøker og trykksaker til undervisningsføremål. Me reknar med at deltakar følgjer sikkerhetsinstruksar frå kursarrangør og kurslærar. Kursdeltakar er ikkje dekt av forsikring frå arrangør.

Avmeldingsinformasjon for kurs og opphald/matpakker:
Påmelding er bindande. Dersom du ikkje kan delta på kurset du har meldt deg på, er det viktig at du sender skriftleg avmelding til post(alfakrøll)raulandsakademiet.no, så snart du veit du ikkje kan delta.
Du betalar eit depositum à kr. 950.- ved påmelding til kurs. Angrefrist er 14 dagar med refusjon av depositumet. Etter dette vil ikkje depositumet bli attendebetalt ved avbestilling.
Avmelding til kurset 30 dagar eller mindre, før kursstart, må heile kursavgifta, og bestilt opphald med fullpensjon eller matpakker bli betalt. Det gjeld uansett grunn, også sjukdom.
Dersom Raulandsakademiet må avlyse eit kurs er ikkje dette gjeldande.

Generell informasjon:
Det er ikkje tillate med hund i kursvekene.
Eigne prisar for overnatting og matpakker når det er kurs.
Påmelding før 1.mars til sommarkurs gjev 10 % rabatt.
Påmelding før 1.juni til haustkurs gjev 10 % rabatt.

Vis flere tilsvarende kurs: