Me tilbyr kurs i kalligrafi. Kurset gjev innføring i kalligrafi. Me tek for oss ulike skrifttyper inna den vestlege skrivekunsten. Det vert lagt mest vekt på italic (renessansekursiv): ei skrifttype som passar godt til invitasjonar, helsingar og liknande.
Innhald:
I tillegg blir det undervist i layout og skrifthistorie. På kurset trenar me på skrifttyper og bokstavformer og arbeider med enkle prosjekt der du brukar bokstavar og skrift (kort, enkel bokbinding o.l). Dersom du har noko kunnskap om faget frå før, kan du arbeide med eigne prosjekt eller få rettleiing på det nivået du er på. Du får kjøpt material på kurset, men ta med det du har av kalligrafipennar, pennesplittar, blekk og vassfarge. Materialkostnad: ca 300 - 400 kr. Kurset skal gje deltakarane ei innføring i kalligrafi. For dei som kan litt skal kurset gje påfyll, og høve til å koma eit steg vidare med kalligrafi.
Lærar: Borghild Telnes (borghildtelnes(a)gmail.com)
Målgruppe for kurset:
Alle som ynskjer kurs i kalligrafi og ulike skriftypar.
Forkunnskaper:
Kurset høver for dei som har prøva litt kalligrafi før.
Kursmateriell - IKKJE INKLUDERT I KURSPRISEN:
Utstyr du kan kjøpe på kurset:
Materialpakke som innheld 1 penneskaft, 3 pennesplittar i ulike bredder, blekk, kompendium, papir du brukar på kurset kostar kr 400. Betalast direkte til lærar.
Anna du kan ta med dersom du har:
Vinkellinjal, rett linjal, anna kalligrafiutstyr, teikneutstyr og maleutstyr ( t.d. fargeblyantar, akvarellfargar, gouachefargar / dekkfargar)
Me gjer merksam på:
Gjennom Studieforbundet kultur og tradisjon er dette kurset dekt av Kopinoravtalen, som tillet kopiering frå bøker og trykksaker til undervisningsføremål. Me reknar med at deltakar følgjer sikkerhetsinstruksar frå kursarrangør og kurslærar. Kursdeltakar er ikkje dekt av forsikring frå arrangør.
Avmeldingsinformasjon for kurs og opphald/matpakker:
Påmeldinga er bindande. Dersom du ikkje kan delta på kurset du har meldt deg på, er det viktig at du sender skriftleg avmelding til post(alfakrøll)raulandsakademiet.no, så snart du veit du ikkje kan delta.
Du betalar eit depositum à kr. 950.- ved påmelding til kurs. Angrefrist er 14 dagar med refusjon av depositumet. Etter dette vil ikkje depositumet bli attendebetalt ved avbestilling.
Avmelding til kurset 30 dagar eller mindre, før kursstart, må heile kursavgifta, og bestilt opphald med fullpensjon eller matpakker bli betalt. Det gjeld uansett grunn, også sjukdom.
Dersom Raulandsakademiet må avlyse eit kurs er ikkje dette gjeldande.
Generell informasjon:
Det er ikkje tillate med hund i kursvekene.
Eigne prisar for overnatting og matpakker når det er kurs.
Påmelding før 1.mars til sommarkurs gjev 10 % rabatt.
Påmelding før 1.juni til haustkurs gjev 10 % rabatt.