Neslespinning



Sted: Raulandsakademiet
          Telemark, Vinje
Kursadresse: Akademiet 2, 3864 Rauland (kart)
Type:Åpent kurs / gruppeundervisning
Studie / yrkesutdanning
Undervisningstid: Informasjonsmøte 15.15.
Varighet: 7 dager
Pris: 8500

Me tilbyr kurs i neslespinning. Nesle/brennesle er lett tilgjengeleg i naturen, og gratis for alle. Nesla er ein god ven for alle som er interessert i berdskap, sjølvberging, overleving i villmarka, eller bare likar å lage ting sjølv.

Lær å spinne tråd frå nesla! Inne i nesla ligg det vakre fiber, som ein kan spinne til tråd dersom ein kjenner hemmeligheta. På dette kurset får de lære heile prosessen frå nesler til ferdig tråd, og korleis ein kan lage enkle produkt av neslefiber. Kurset er eit grundig djupdykk i nesle-kunnskap og passar både for nybyrjarar og vidarekomande. 


Innhald:
Under nesla si fientlege ytre ligg nyttige fiber som kan bli brukt til alt frå klede til fiskegarn. Nesla er lett tilgjengeleg i naturen. Vert ein kjend med fiberen som gøymer seg inne i neslestenglane så kan ein lage seg mykje av det ein treng, eine og aleine med det naturen har å bjoe på.

Dette skal me arbeide med
• Lære korleis ein kan utvinne fiber frå nesle, på fleire ulike måtar.
• Korleis spinne tråden på handtein
• Korleis behandle tråden for å få eit fint resultat
• Ulike metodar for koking, bleiking osv.



Lærar: Kim Sølve Jacobsen (kim.s.jacobsen(a)usn.no

Målgruppe for kurset:
Alle frå 14 år og oppover

Forkunnskaper:
• Ingen krav til forkunnskaper

Kursmateriell:

• Me skal vera litt ute og litt inne, ta med sko og klede som høver.
• Arbeidshanskar/Hagehanskar

Kursmaterial ca. 350 kr, betal direkte til kurslærar.

Vi gjer merksam på:
Gjennom Studieforbundet kultur og tradisjon er dette kurset dekt av Kopinoravtalen, som tillet kopiering frå bøker og trykksaker til undervisningsføremål. Me reknar med at deltakar følgjer tryggleiksinstruksar frå kursarrangør og kurslærar. Kursdeltakar er ikkje dekt av forsikring frå arrangør.

Avmeldingsinformasjon for kurs og opphald/matpakker:
Påmelding er bindande. Dersom du ikkje kan delta på kurset du har meldt deg på, er det viktig at du sender skriftleg avmelding til post(a)raulandsakademiet.no, så snart du veit du ikkje kan delta.
Du betalar eit depositum à kr. 950.- ved påmelding til kurs. Angrefrist er 14 dagar med refusjon av depositumet. Etter dette vil ikkje depositumet bli attendebetalt ved avbestilling.
Avmelding til kurset 30 dagar eller mindre, før kursstart, må heile kursavgifta, og bestilt opphald med fullpensjon eller matpakker bli betalt. Det gjeld uansett grunn, også sjukdom.
Dersom Raulandsakademiet må avlyse eit kurs er ikkje dette gjeldande.

Generell informasjon:
Det er ikkje tillate med hund i kursvekene.
Eigne prisar for overnatting og matpakker når det er kurs.
Påmelding før 1.mars til sommarkurs gjev 10 % rabatt.
Påmelding før 1.juni til haustkurs gjev 10 % rabatt.