Vel møtt til fire dagar med toving og norsk ull!
Har du nokon gong gått i djupna på korleis ull tovar seg? Eller korleis ulla frå ulike norske sauerasar har ulike toveeigenskaper? Jobber du kanskje med tekstil i dag og vil undersøke nye material og mogleghetar? Då er dette kurset for deg!
Innhold:
Her blir du kjend med ulla frå norske sauerasar og kva for ulike eigenskapar dei gjev en tova tekstil. Eigenskapar som strekker seg frå fleksibilitet, kor mjukt det er, stabilitet, styrke, ruhet osv.
Dette er eit teknisk kurs der du i løpet av kursdagane har fokus på å lage ulike prøver, slik at du utviklar kunnskap om og praktisk forståing for toveigenskapane til norsk ull. Du vel deretter kva slags ull du vil jobbe vidare med, og kan skape ein filta tekstil som vert brukt til eigenvald produkt.
Kursdeltakarane får innføring i norske sauerasar, karding av ull og våtfilting av hule og flate filt-tekstilar.
Kurshaldar har i fleire år jobba med garnframstilling og har ein master i toving av gamle norske sauerasar. Ho har fleire ulike kurs fra Tekstilhøgskulen i Borås, Sverige, og har halde kurs og workshops i toving ved fleire høve. I dag jobbar ho som tekstilfaglærer i kunst og handverk.
Målet er å gi deltakerne:
• Innføring i dei ulike norske sauerasane og deira ull
• Gjennomgang av teori knytt til toving og omarbeiding av ull
• Kunnskap om toveteknikkar
• Kunnskap om tova tekstilar og deira ulike eigenskaper og bruksområde
• Praktisk kunnskap i korleis tove både flate og hole tova produkt
Lærer: Nina Alsborn.
Epost: n.alsborn(a)gmail.com
Instagram: yernforyarn
Web: www.fibershed.no
Målgruppe for kurset:
Alle som ynskjer kurs om toving av ull frå norske sauerasar
Forkunnskaper:
Ingen forkunnskaper om toving er naudsynt. Kan vera en fordel med tekstil/saum bakgrunn eller kjennskap til produktutvikling, men ikke avgjerande.
Kursmateriell:
Deltakarane tar med:
2-3 stk tørkehandklede (kjøkkenhandkle eller mindre badromshandkle som de ikkje er redde for), vassfast tusj, saks, skrivesaker, sprutflaske (til å ha såpevatn i), bambus bordbrikke, naturell farge (kan få kjøpt det frå fleire ulike leverandørar som IKEA eller H&M home) samt eventuelt hårfønar (dersom de ynskjer å tørke filten raskare)
Lærar tar med:
Ulike typar av ull, både laus og karda. Bobleplast, malar til toving, såpe, rullar og oppskriftshefte. Materialutgifter: Ca 500 kr.
Me gjer merksam på:
Gjennom Studieforbundet kultur og tradisjon er dette kurset dekt av Kopinoravtalen, som tillet kopiering frå bøker og trykksaker til undervisningsføremål. Me reknar med at deltakar fylgjer sikkerhetsinstruksar frå kursarrangør og kurslærar. Kursdeltakar er ikkje dekt av forsikring frå arrangør.
Avmeldingsinformasjon for kurs og opphald/matpakker:
Påmelding er bindande. Dersom du ikkje kan delta på kurset du har meldt deg på, er det viktig at du sender skriftleg avmelding til post(alfakrøll)raulandsakademiet.no, så snart du veit du ikkje kan delta.
Du betalar eit depositum à kr. 950.- ved påmelding til kurs. Angrefrist er 14 dagar med refusjon av depositumet. Etter dette vil ikkje depositumet bli attendebetalt ved avbestilling.
Avmelding til kurset 30 dagar eller mindre, før kursstart, må heile kursavgifta, og bestilt opphald med fullpensjon eller matpakker bli betalt. Det gjeld uansett grunn, også sjukdom.
Dersom Raulandsakademiet må avlyse eit kurs er ikkje dette gjeldande.
Generell informasjon:
Det er ikkje tillate med hund i kursvekene.
Eigne prisar for overnatting og matpakker når det er kurs.
Påmelding før 1.mars til sommarkurs gjev 10 % rabatt.
Påmelding før 1.juni til haustkurs gjev 10 % rabatt.