Me tilbyr kurs i rosesaum, skjortebroderi frå Vest-Telemark. På kurset lærer du å brodere rosesaum på skjorteliner som er bruka til Vest-Telemarksbunaden. Det blir fellesundervising og individuelle rettleiing.
Lærar: Inger Olsnes. Epost: ingerolsnes53(a)gmail.com
Målgruppe for kurset:
Alle som ynskjer kurs om rosesaum, skjortebroderi frå Vest-Telemark
Spesielle krav:
• Du må ha godt syn , ta med lupe dersom naudsynt
Kursmateriell:
Ta med:
• Kanavanåler, spisse nr 24 og / eller nr 26
• Påteikna skjorteliner
• Molinegarn
• Broderisaks
Ta kontakt med kurshaldar om kjøp av materiale. Det er smart å bestille materialet i god tid då dei kan ha det travelt på sommaren.
Me gjer merksam på:
Gjennom Studieforbundet kultur og tradisjon er dette kurset dekt av Kopinoravtalen, som tillet kopiering frå bøker og trykksaker til undervisningsføremål. Mereknar med at deltakar fylgjer tryggleikssinstruksar frå kursarrangør og kurslærar. Kursdeltakar er ikkje dekt av forsikring frå arrangør.
Avmeldingsinformasjon for kurs og opphald:
Påmelding er bindande. Dersom du ikkje kan delta på kurset du har meldt deg på, er det viktig at du sender skriftleg avmelding til post(alfakrøll)raulandsakademiet.no, så snart du veit du ikkje kan delta.
Du betalar eit depositum à kr. 950.- ved påmelding til kurs. Angrefrist er 14 dagar med refusjon av depositumet. Etter dette vil ikkje depositumet bli attendebetalt ved avbestilling.
Avmelding til kurset 30 dagar eller mindre, før kursstart, må heile kursavgifta, og bestilt opphald med fullpensjon eller matpakker bli betalt. Det gjeld uansett grunn, også sjukdom.
Dersom Raulandsakademiet må avlyse eit kurs er ikkje dette gjeldande.
Generell informasjon:
Det er ikkje tillate med hund i kursvekene.
Eigne prisar for overnatting og matpakker når det er kurs.
Påmelding før 1.mars til sommarkurs gjev 10 % rabatt.
Påmelding før 1.juni til haustkurs gjev 10 % rabatt.