Brikkevev i vevstol



Sted: Raulandsakademiet
          Telemark, Vinje
Kursadresse: Akademiet 2, 3864 Rauland (kart)
Type:Åpent kurs / gruppeundervisning
Studie / yrkesutdanning
Undervisningstid: Ta kontakt for informasjon
Varighet: 4 dager
Pris: 4995
Neste kurs: 24.10.2024 | Vis alle kursdatoer

Vi tilbyr kurs i brikkevev i vevstol. På dette kurset set vi opp brikkeveven i ein stor vevstol. Fordelen med å seta opp i ein stor vevstol er at ein får god strekk på trådane, ein får god arbeidstilling og kan lett går til og frå arbeidet.

Innhald:
På kurset går vi gjennom: mykje historikk rundt brikkeveving, teikne mønster, lage renning, tre i brikkene, sveipe på, veve, og dersom det blir tid, lære avslutningar og lage duskar. Du bør ha kjennskap til brikkevevteknikken for å bli med på kurset. Vi reknar med at du skal få tid til å lage eit hårband eller eit smalt belte på kurset.

Lærar: Rine Loen er utdanna lærar. Ho har god erfaring med undervising i brikkevev i ungdomsskolen og for vaksne. Rine har drive med brikkevev frå 2015.

Målgruppe for kurset:
Alle som ønsker kurs i brikkevev i vevstol

Forkunnskaper:
• Du bør ha kjennskap til brikkevevteknikken

Kursmateriell:
Kurset foregår i ein godt utstyrt vevsal med ein vevstol til kvar deltakar. Vevsalen ligg på Dyre Vaa museet/huset. Det er ca 500 meter å gå mellom Raulandsakademiet og vevsalen.

Ta med:
• Minst 30 stk. 4-hols brikker
• Ullgarn / beltegarn til renning
• Innslagsgarn i bomull
• Skrivesaker, fargeblyantar og ruteblokk
• Vevkniv dersom du har

Du får kjøpt på kurset:
Brikker og annet utstyr får du kjøpt på kurset. Brikker kr 10 per stk.
Ullgarn som høver til brikkevevde hårband og belte, (beltegarn) får du kjøpt av Rine Loen. Kostnad ca kr 200 per hårband.

Vi gjer merksam på:
Gjennom Studieforbundet kultur og tradisjon er dette kurset dekka av Kopinoravtalen, som tillet kopiering frå bøker og trykksaker til undervisningsføremål. Vi reknar med at deltakar følgjer sikkerhetsinstruksar frå kursarrangør og kurslærar. Kursdeltakar er ikkje dekka av forsikring frå arrangør.

Avmeldingsinformasjon:
Påmeldinga er bindande. Dersom du ikkje kan møte på eit kurs du har meldt deg på, er det viktig at du melder frå skriftleg (e-post eller brev) så fort som mogeleg.

Ein betalar eit depositum på kr 950 ved påmelding av eit kurs. Innbetalt depositum blir ikkje refundert fram til fire veker (28 dagar) før kursstart. Ved avmelding seinare enn 28 dagar før kursstart må heile kursavgifta betalast. Dette gjelder også om det er sjukdom eller andre årsaker.

Ein kan bytte kurs innanfor sama år, men kan ikkje skuve påmeldinga til neste år.

Vis flere tilsvarende kurs: