Velkommen til karveskurd kurs!
Karveskurd er ein enkel form for treskjering, òg kalla bondekunst. Årsaken til karveskurden si store utbreiing er fyrst og fremst at ein ikkje krev avansert verktøy. Ein treng bare kniv og teiknesaker.
På kurset lærer du grunnteknikk for skjering og oppbygging av mønster, sliping av kniven og materiallære. Kurslærar underviser i gruppe, men òg individuelt.
Forkunnskaper:
Kurset krev ingen forkunnskaper. Kurset er for nybyrjarar og erfarne treskjererar.
Innhald:
Bli kjend med kvarandre/gruppa, og kva tankar du har for kurset.
Byrje å teikne/ skjere på ein prøvekloss.
Materiallære og val av emne, teikne/konstruere mønster. Starte å skjera.
Slipe kniv/vedlikehald.
Ferdigstille skjeringa.
Overflatebehandling
Korleis kan ein fortsetje heime.
Lærar: Ingerid Ohren Haugtvedt. Epost: ingerid.ohren(a)gmail.com
Kursmaterial og utstyr:
Trykkblyant 0,5 eller 0,7 HB bly.
Viskelær
Linjal
Passar, om du har
Karveskurdkniv, om du har
Et eller fleire emne du vil dekorere.
Karveskurdkniver kan du kjøpe frå kr. 250, eller du kan låne for kr. 50
Læraren har ulike materiale og emner for sal.
Ornamenthefte kr. 150,-.
Me gjer merksam på:
Gjennom Studieforbundet kultur og tradisjon er dette kurset dekt av Kopinoravtala, som tillet kopiering frå bøker og trykksaker til undervisningsføremål. Me reknar med at deltakar fylgjer tryggleiksinstruksar frå kursarrangør og kurslærar. Kursdeltakar er ikkje dekt av forsikring frå arrangør.
Avmeldingsinformasjon for kurs og opphald/matpakker:
Påmelding er bindande. Dersom du ikkje kan delta på kurset du har meldt deg på, er det viktig at du sender skriftleg avmelding til post(alfakrøll)raulandsakademiet.no, så snart du veit du ikkje kan delta.
Du betalar eit depositum à kr. 950.- ved påmelding til kurs. Angrefrist er 14 dagar med refusjon av depositumet. Etter dette vil ikkje depositumet bli attendebetalt ved avbestilling.
Avmelding til kurset 30 dagar eller mindre, før kursstart, må heile kursavgifta, og bestilt opphald med fullpensjon eller matpakker bli betalt. Det gjeld uansett grunn, også sjukdom.
Dersom Raulandsakademiet må avlyse eit kurs er ikkje dette gjeldande.
Generell informasjon:
Det er ikkje tillate med hund i kursvekene.
Eigne prisar for overnatting og matpakker når det er kurs.
Påmelding før 1.mars til sommarkurs gjev 10 % rabatt.
Påmelding før 1.juni til haustkurs gjev 10 % rabatt.
Ein kan maks melde på 3 deltakarar.
Sjå elles informasjon på www.raulandsakademiet.no