Lafting med rundtømmer



Sted: Raulandsakademiet
          Telemark, Vinje
Kursadresse: Akademiet 2, 3864 Rauland (kart)
Type:Åpent kurs / gruppeundervisning
Studie / yrkesutdanning
Undervisningstid: Innsjekking frå kl. 14.00
Varighet: 2 uker
Pris: 17000

Me tilbyr kurs om lafting med rundtømmer. På dette kurset kan du enten bygge nytt eller restaurere / skifte ut stokkar på eit gamalt laft. Hent tømmer i eigen skog og bygg ei lita bu! Målsettinga er å gje deltakarane innføring i lafting og/eller restaurere laft.

Innhald:
På kurset kan du setje opp di eiga hytte (sjølvbyggar), eller du kan vere vanleg kursdeltakar der du er med og byggjer ei anna hytte. Dersom du vil vere sjølvbyggar, må du halde teikning og virke sjølv. Max storleik på lafta hytte er 20 m2. Du vil rekke å koma godt i gang med veggane på hytta, men vil trenge meir tid for å bli ferdig. Du får opplæring i materialval, dimensjonering og kvalitetskrav, og i bruk og oppsetjing av verktøy. Deltakarane må ha med eige handverktøy og verneutstyr. Du kan leige lafteverktøy, kr 300.-.

Me startar med gjennomgang av verktøy og oppsetting av verktøy. Deretter tek me for oss ulike teikningar og arbeidsoppgåver. Kvar einskild bør laga sin eigen arbeidsplan. Dette er viktig for å få godt utbytte av kurset og god framdrift. Dagane går til mykje praktisk arbeid, «øving gjer meister». Teori og diskusjon om ymse problemstillingar ettersom me arbeider oss framover. Kvar dag er det høve til å arbeide på eige hand utover kveldane.

Lærar: Hans Petter Musum. Epost: hpmusum(a)outlook.com

Målgruppe for kurset:
Alle som ønsker kurs lafting med rundtømmer

Forkunnskaper:
• Ingen krav til forkunnskaper

Kursmateriell:
Du kan velje om du vil bygge di eiga hytte eller om du vil vera vanleg kursdeltakar og medhjelper på eit anna bygg. Kursdeltakar som skal vera sjølvbyggar må ha teikning og material klare i god tid før kursstart. Det er høve til å laste av laftematerial på kursstaden nokre dagar før kursstart. Dei som ikkje har ferdig teikning og materialliste må ta kontakt med lærar. Deltakar bør ha skisse eller ide på det bygget dei vil lage.

Hytta må ikkje vera større enn 20 rutemeter. Vil du arbeide med restaurering? Må det skiftast ut stokkar på eit laft? Ta kontakt med Hans Petter Musum for diskusjon omkring prosjektet og korleis ein kan løyse ting, også om treng hjelp med teikning av hytta. Deltakarane må ha ein del handredskap: snikkarsag, hoggjern 38 millimeter, vater, slirekniv, høvel, krittsnor, tommestokk og blyant.

Ta med tradisjonelle verktøy dersom du har. Lafteverktøy: lita og stor bile, sudkniv (medragskniv) bandkniv. Om du ikkje har lafteverktøy er det høve til å leige det for kr 300,-. Du kan og bestille det frå smeden vår, Øyvind Klausen, Fyresdal: https://www.norheimsmia.no/ OBS. Bestilll i god tid før kursstart.

Vi gjer merksam på:
Gjennom Studieforbundet kultur og tradisjon er dette kurset dekt av Kopinoravtalen, som tillet kopiering frå bøker og trykksaker til undervisningsføremål. Vi reknar med at deltakar følgjer sikkerhetsinstruksar frå kursarrangør og kurslærar. Kursdeltakar er ikkje dekt av forsikring frå arrangør.

Avmeldingsinformasjon for kurs og opphald/matpakker:
Påmelding er bindande. Dersom du ikkje kan delta på kurset du har meldt deg på, er det viktig at du sender skriftleg avmelding til post(alfakrøll)raulandsakademiet.no, så snart du veit du ikkje kan delta.
Du betalar eit depositum à kr. 950.- ved påmelding til kurs. Angrefrist er 14 dagar med refusjon av depositumet. Etter dette vil ikkje depositumet bli attendebetalt ved avbestilling.
Avmelding til kurset 30 dagar eller mindre, før kursstart, må heile kursavgifta, og bestilt opphald med fullpensjon eller matpakker bli betalt. Det gjeld uansett grunn, også sjukdom.
Dersom Raulandsakademiet må avlyse eit kurs er ikkje dette gjeldande.

Generell informasjon:
Det er ikkje tillate med hund i kursvekene.
Eigne prisar for overnatting og matpakker når det er kurs.
Påmelding før 1.mars til sommarkurs gjev 10 % rabatt.
Påmelding før 1.juni til haustkurs gjev 10 % rabatt

Vis flere tilsvarende kurs: