Vi tilbyr kurs om tægerbinding. Røtene eller tæger er mjuke og elastiske, og skal ein laga korger av dette materialet, kan ein ikkje bruka vanleg fletteteknikk. Teknikken eller bindinga held materialet godt saman og forma vert stødig.
Innhald:
Dei skarpe bøyningane i bindinga set store krav til materialet, og det er berre røter som tåler det. Tæger hentar vi i myr eller sand. Reinskar og deler. Vi bind saman i ymse mønster; vanleg binding, kontur, ruter og fleire. Vi lagar fat, skåler, korger og andre bruksting. Nybyrjarar kan få kjøpe tæger av lærar. Det tek lang tid å hente tæger, så dei som har høve til det, bør sanke tæger før kurset. Målsettinga at deltagarna lære seg tægerbinding.
Arbeidsform:
Litt teori. Ut på tur for å hente tæger. Gruppeundervisning og individuell rettleiing.
Agenda:
• Sanke tæger, rense og dele
• Opplegg og binding
• Ymse bindingsteknikkar
• Tykkelse på tæger til binding, avslutte
• Litt teori
Lærar: Signe Irene Berg. Epost: habe5(a)online.no
Målgruppe for kurset:
Alle som ønsker å lære seg tægerbinding
Forkunnskaper:
• Ingen krav til forkunnskaper
Kursmateriell:
Ta med skrivesaker, saks og hagesaks. Turtøy til sanketuren, gummistøvlar, gummihanskar og eit lite grev (hageredskap), plastbøtte og tollekniv. Til binding: Liten kniv, forkle (gjerne strieforkle), fat til å bløyte tæger i. Dei som har, tek med tæger. Det er tidkrevjande å hente tæger i myr eller sand.
• Pris på tæger: nybegynner ca. kr 300,-
• Pris på pren (tægernål): kr 100 pr stk. Du treng minst 2 stk.
Vi gjer merksam på:
Gjennom Studieforbundet kultur og tradisjon er dette kurset dekt av Kopinoravtalen, som tillet kopiering frå bøker og trykksaker til undervisningsføremål. Me reknar med at deltakar følgjer tryggleikssinstruksar frå kursarrangør og kurslærar. Kursdeltakar er ikkje dekt av forsikring frå arrangør.
Avmeldingsinformasjon for kurs og opphald/matpakker:
Avmeldingsinformasjon for kurs og opphald/matpakker.
Påmelding er bindande. Dersom du ikkje kan delta på kurset du har meldt deg på, er det viktig at du sender skriftleg avmelding til post(alfakrøll)raulandsakademiet.no, så snart du veit du ikkje kan delta.
Du betalar eit depositum à kr. 950.- ved påmelding til kurs. Angrefrist er 14 dagar med refusjon av depositumet. Etter dette vil ikkje depositumet bli attendebetalt ved avbestilling.
Avmelding til kurset 30 dagar eller mindre, før kursstart, må heile kursavgifta, og bestilt opphald med fullpensjon eller matpakker bli betalt. Det gjeld uansett grunn, også sjukdom.
Dersom Raulandsakademiet må avlyse eit kurs er ikkje dette gjeldande.
Generell informasjon:
Det er ikkje tillate med hund i kursvekene.
Eigne prisar for overnatting og matpakker når det er kurs.
Påmelding før 1.mars til sommarkurs gjev 10 % rabatt.
Påmelding før 1.juni til haustkurs gjev 10 % rabatt.