Velkommen til kurs i Telemarksbinding!
Telemarskbinding, òg kalla telebinding, filering eller bare binding. Det er ein gamal tråbindingsteknikk med røter attende til oldtida. Tradisjonelt vart det laga blonderemser knytt med tynn lintråd.
Kurset går over 12 timar, og er ein introduksjon til dei grunnleggane maskene i telebindinga, nettmasker/botnmasker, føringsmasker og krokmasker.
Fokuset for kurset er å lære god teknikk for arbeidet.
Kurslærar underviser i gruppe, men òg individuelt.
Forkunnskaper:
Kurset krev ingen forkunnskaper.
Innhald:
Kurset startar fredagskveld med teori, og eit føredrag om Telemarksbinding. Laurdag og sundag blir det praktisk arbeid.
Bli kjend med kvarandre/gruppa, og kva tankar du har for kurset.
Lære litt om material og utstyr. Arbeide med grunnleggjande teknikkar. Lage ei lita prøvebok, med dei ulike maskene/mønstra.
Lærar: Borghild Telnes borghildtelnes(a)gmail.com
Kursmaterial og utstyr:
Strikkepinne nr 2,3/3,5 og 6
Andre tjukkleikar om du vil. Det er nok med ein pinne av kvar.
Stoppenål med stort auge. Kan vera lurt med litt ulike storleikar.
Kurshaldar ordnar med bindingspute, tråd i ulike kvalitetar og kurskompendium.
Me gjer merksam på:
Gjennom Studieforbundet kultur og tradisjon er dette kurset dekt av Kopinoravtala, som tillet kopiering frå bøker og trykksaker til undervisningsføremål. Me reknar med at deltakar fylgjer tryggleiksinstruksar frå kursarrangør og kurslærar. Kursdeltakar er ikkje dekt av forsikring frå arrangør.
Avmeldingsinformasjon for kurs og opphald/matpakker:
Påmelding er bindande. Dersom du ikkje kan delta på kurset du har meldt deg på, er det viktig at du sender skriftleg avmelding til post(alfakrøll)raulandsakademiet.no, så snart du veit du ikkje kan delta.
Du betalar eit depositum à kr. 950.- ved påmelding til kurs. Angrefrist er 14 dagar med refusjon av depositumet. Etter dette vil ikkje depositumet bli attendebetalt ved avbestilling.
Avmelding til kurset 30 dagar eller mindre, før kursstart, må heile kursavgifta, og bestilt opphald med fullpensjon eller matpakker bli betalt. Det gjeld uansett grunn, også sjukdom.
Dersom Raulandsakademiet må avlyse eit kurs er ikkje dette gjeldande.
Generell informasjon:
Det er ikkje tillate med hund i kursvekene.
Evt matallergiar må meldast inn på førehand og dokumenterast
Eigne prisar for overnatting og matpakker når det er kurs.