Brodering av bunad



Sted: Raulandsakademiet
          Telemark, Vinje
Kursadresse: Akademiet 2, 3864 Rauland (kart)
Type:Åpent kurs / gruppeundervisning
Studie / yrkesutdanning
Undervisningstid: Info. møte 1. kursdag kl 15:15
Varighet: 7 dager
Pris: 8500

Me tilbyr kurs i bunadbrodering. Den norske bunaden er no inne på Unesco si liste over immateriell kulturarv og mange har eit yskje om å lage bunad til seg sjølv eller eit familiemedlem.

Innhald:
No kan du gå på kurs og lære dei viktigaste stinga og teknikkane for å koma i gang med bunadsbroderi. Kurset er óg fint for deg som har starta på eigen hand, men har lagt bort arbeidet fordi det ikkje vart slik du hadde håpa.
På kurset startar med med ein prøvelapp som gjev ein god gjennomgang av dei mest brukte broderistinga før du set i gang med din eigen bunad.
Det tek tid å brodere ein bunad, så du blir ikkje ferdig på dette kurset. Men du kjem godt i gang og i samarbeid kurslærar set du opp ein plan slik at du kjem i mål. Kurset har fokus på broderi på ullstoff, som om du har ynskje om å brodere på eit anna materiale må du ta kontakt med kurslærar for å vera sikker på at du får god oppfylgjing.

Målsettinga er at du skal koma godt i gang med arbeidet ditt. Me startar med ein gjennomgang av arbeidet, snakkar om korleis det er lurt å legge opp arbeidet, og lagar ein arbeidsplan.

Lærar: Barbro Storlien. Barbro har lang erfaring med bunadsaum og har hatt ei rekke kurs innan brodering og montering.
barbrostorlien(a)hotmail.com

Målgruppe for kurset:
Det er sjølvsagt ein fordel å ha kjennskap til handarbeid, men det viktigaste er at du er motivert. I tillegg treng du god syn, briller eller lupelampe.

Kursmateriell:
Du må ha med ei materialpakke med påteikna materiale til bunad. Broderigarn, broderiplansjer og spisse broderinåler 24 - 26. Du må også ha med spiss saks, broderiramme med diameter 20 cm og penn/blyant og papir. Dersom du er usikker på kva du treng, ta kontakt med kurslærer som kan gjev gode råd.

Me gjer merksam på:
Gjennom Studieforbundet -kultur og tradisjon er dette kurset dekt av Kopinoravtala, som tillet kopiering frå bøker og trykksaker til undervisningsføremål. Me reknar med at deltakar fylgjer sikkerhetsinstruksar frå kursarrangør og kurslærar. Kursdeltakar er ikkje dekt av forsikring frå arrangør.

Avmeldingsinformasjon for kurs og opphald/matpakker:
Påmelding er bindande. Dersom du ikkje kan delta på kurset du har meldt deg på, er det viktig at du sender skriftleg avmelding til post(a)raulandsakademiet.no, så snart du veit du ikkje kan delta.
Du betalar eit depositum à kr. 950.- ved påmelding til kurs. Angrefrist er 14 dagar med refusjon av depositumet. Etter dette vil ikkje depositumet bli attendebetalt ved avbestilling.
Avmelding til kurset 30 dagar eller mindre, før kursstart, må heile kursavgifta, og bestilt opphald med fullpensjon eller matpakker bli betalt. Det gjeld uansett grunn.
Dersom Raulandsakademiet må avlyse eit kurs er ikkje dette gjeldande.
Generell informasjon:
Det er ikkje tillate med hund i kursvekene.
Evt matallergi må du melde inn på førehand. Dokumentasjon
Eigne prisar for overnatting og matpakker når det er kurs.
Påmelding før 1.mars til sommarkurs gjev 10 % rabatt.
Påmelding før 1.juni til haustkurs gjev 10 % rabatt.