Treskjering, dragestil



Sted: Raulandsakademiet
          Telemark, Vinje
Kursadresse: Akademiet 2, 3864 Rauland (kart)
Type:Åpent kurs / gruppeundervisning
Studie / yrkesutdanning
Undervisningstid: Ta kontakt for informasjon
Varighet: 7 dager
Pris: 7800

Vi tilbyr kurs i treskjering, dragestil. Målsettinga er å gje grunnleggande opplæring i å skjære dragestil. På kurset blir det undervist i dragestil inspirert av stilen utvikla av Lars Kinsarvik og Magnus Dagestad. Du får opplæring i materiallære og sliping av jern.

Innhald:
Bruk av kontursag og overfres. Du får grunnleggande opplæring i dragestil. Det blir faste oppgåver frå kurslærar. Anneli Engeland driv eigen treskjerarverkstad på Voss. Arbeidsformen blir med fellesundervisning om materiallære og sliping av jern. Individuell hjelp til skjæring.

Program:
Måndag kveld:
• Orientering om kurset
• Gjera seg kjend på verkstaden, verktøy og materialer
• Bli kjend med kvarandre, kva slag erfaringar og forventningar har kvar einskildt
• Sikkerhetsreglar

Tysdag:
• Påteikning av mønster, materiallære

Onsdag:
• Litt om jerna
• Skjæring
• Sliping av jern

Torsdag:
• Skjæring
• Bruk av kontursag og overfres

Fredag:
• Skjæring

Laurdag:
• Skjæring, gjera ting ferdig

Sundag:
• Gjera arbeidet ferdig
• Snakke om korleis ein kan jobba vidare på eigne hand
• Oppsummering og rydding

Lærar: Anneli Engeland

Målgruppe for kurset:
Kurset høver for både nye og øvde treskjerarar

Forkunnskaper:
• Ingen krav til forkunnskaper

Kursmateriell:
Ta med treskjærarjern, blyant (HB), viskelær og notatblokk eller skisseblokk
• Jern kan leigast for kr 300.-
• Materialpris ca kr 800.-

Bøker:
• «Treskjering» av Knut Engeland kr 300.-
• «Treskjærings mønster» av Knut Engeland kr 360,-

Vi gjer merksam på:
Gjennom Studieforbundet kultur og tradisjon er dette kurset dekka av Kopinoravtalen, som tillet kopiering frå bøker og trykksaker til undervisningsføremål. Vi reknar med at deltakar følgjer sikkerhetsinstruksar frå kursarrangør og kurslærar. Kursdeltakar er ikkje dekka av forsikring frå arrangør.

Avmeldingsinformasjon:
Påmeldinga er bindande. Dersom du ikkje kan møte på eit kurs du har meldt deg på, er det viktig at du melder frå skriftleg (e-post eller brev) så fort som mogeleg.

Ein betalar eit depositum på kr 950 ved påmelding av eit kurs. Innbetalt depositum blir ikkje refundert fram til fire veker (28 dagar) før kursstart. Ved avmelding seinare enn 28 dagar før kursstart må heile kursavgifta betalast. Dette gjelder også om det er sjukdom eller andre årsaker.

Ein kan bytte kurs innanfor sama år, men kan ikkje skuve påmeldinga til neste år.

Vis flere tilsvarende kurs: