Me tilbyr songkurs i kveding, tradisjonell song frå Telemark. Kurset blir ei uhøgtideleg samling der me skal skal synge oss gjennom stubbar, viser, stev, ballader og slåttestev. Me skal lære om kveding, om stiltrekk og om nokre av historiane som høyrer til.
Innhald:
Me skal også leike litt med folkemusikalske stiltrekk og tekstar, og lære nokre triks for å synge fritt og sunt på sin eigen måte, med si eiga stemme. Me skal i løpet av kursperioden kvede oss gjennom ulike typer stev, viser og ballader. Me blir kjent med ulike typer stiltrekk og skal lære nokre av dei historiane som knyter seg til songane. Arbeidsforma blir fellesundervisning og individuell rettleiing. Det blir besøk av gjestelærarane Hillborg Romtveit (fredag) og Frode Nyvold (laurdag). Hillborg har vore kvedarlærar gjennom mange år og er ein utruleg dyktig kvedar. Frode Nyvold har drive på med musikk i alle år, gjeve ut fleire plater og jobba her på høgskulen i Telemark (kjent i dag som Universitetet i Sør -aust Noreg).
Fokuset blir på Telemarkstradisjon, som er lært gjennom mellom anna Unni Boksasp, Ragnhild Furholt og Ellen B.Nordstoga. Det er også rom for å ynskje seg songar.
Lærar: Malin Røysland Skårberg
Målgruppe for kurset:
Kurset passar for folk i alle aldrar - enten du har sunge mykje eller er nybyrjar innan songfaget.
Forkunnskaper:
• Du treng ingen forkunnskapar, berre interessa for å lære er til stades.
Kursmateriell:
Deltakarane må ha med noko å notere med og på. Ellers kan det vera greit å ha med enkelt opptaksutstyr, sidan det ikkje vil bli arbeidd så mykje med notar. Dei fleste smarttelefonar har ein innebygd opptaksapp.
Me gjer merksam på:
Gjennom Studieforbundet- kultur og tradisjon er dette kurset dekt av Kopinoravtala, som tillet kopiering frå bøker og trykksaker til undervisningsføremål. Vi reknar med at deltakar følgjer sikkerhetsinstruksar frå kursarrangør og kurslærar. Kursdeltakar er ikkje dekt av forsikring frå arrangør.
Avmeldingsinformasjon for kurs og opphald/matpakker:
Påmelding er bindande. Dersom du ikkje kan delta på kurset du har meldt deg på, er det viktig at du sender skriftleg avmelding til post(alfakrøll)raulandsakademiet.no, så snart du veit du ikkje kan delta.
Du betalar eit depositum à kr. 950.- ved påmelding til kurs. Angrefrist er 14 dagar med refusjon av depositumet. Etter dette vil ikkje depositumet bli attendebetalt ved avbestilling.
Avmelding til kurset 30 dagar eller mindre, før kursstart, må heile kursavgifta, og bestilt opphald med fullpensjon eller matpakker bli betalt. Det gjeld uansett grunn, også sjukdom.
Dersom Raulandsakademiet må avlyse eit kurs er ikkje dette gjeldande.
Generell informasjon:
Det er ikkje tillate med hund i kursvekene.
Eigne prisar for overnatting og matpakker når det er kurs.
Påmelding før 1.mars til sommarkurs gjev 10 % rabatt.
Påmelding før 1.juni til haustkurs gjev 10 % rabatt.