Her er mange godt merka stiar for kortare dagsturar. Sjå internettside. http://www.rauland.org
Rauland Turist har syklar til utleige og kan foreslå sykkelturar i området. Med Rauland som utgangspunkt kan du velge mellom ei rekkje ruter som varierar frå høgfjellsnatur til skog og idylliske fiskevatn. Sjå internettside http://www.rauland.org
Totak er ein 30 km lang innsjø som strekker seg frå Rauland til Arabygdi. Ved Spåranes er det fine badestrender, sandbotn og langgrunt. I Raulandsgrend er det utleige av robåt og kano. Tlf. 35 07 33 09.
Rauland Ridesenter kan tilby ridekurs på alle nivå: frå nybyrjarar til vidarekomande. Turriding er godt lika, særleg av dei som elles berre får rideundervisning inne. Sjå internettside: http://www.ridesenter.net/rauland/
For turar på Hardangervidda er Mogen turisthytte eit godt utgangspunkt. Den nye båten på Møsvatn, Fjellvåken, går i dagleg rute frå Skinnarbu til Mogen heile sommarhalvåret. Sjå internettside: http://www.rauland.org
Rauland har 140 km merka og preparerte langrennsløyper. I tillegg er det 8 km ljosløype i sentrum av Rauland. Sjå internettside http://www.rauland.org
Det er to skianlegg på Rauland: Rauland skisenter og Raulandsfjell Alpinsenter. Desse har fleire heisar og mange nedfartar. Sjå internettside http://www.raulandskisenter.no og http://www.rauland-alpinsenter.no
I tillegg finn ein Vierli Vinterland med kjelketrekk og eigne kjelkenedfartar. Sjå internettside http://www.vierli.no
Det går skibuss mellom Raulandsfjell Alpinsenter og Vierli Vinterland fleire gongar om dagen frå 23.12. til 2. påskedag. Sjå internettside http://www.rauland.org
Vierli Aktiv kan tilby aktivitetar så som skikurs, isfiske, guiding, kulturinnslag m.m. Sjå internettside http://www.vierli.no