Sy om, redesign av klede



Sted: Raulandsakademiet
          Telemark, Vinje
Kursadresse: Akademiet 2, 3864 Rauland (kart)
Type:Åpent kurs / gruppeundervisning
Studie / yrkesutdanning
Undervisningstid: Sommaren 2026
Varighet: 7 dager
Pris: 8500

Me tilbyr kurs i sy om, redesign av klede. Lær korleis ein kan bruke gamle klede for å lage nye plagg etter eigne idear. Korleis modellere på byste kombinert med prøving på eigen kropp til plagget byrjar å ta form. Korleis sy plagget med ein profesjonell syteknikk som gjev plagget god kvalitet.

Innhald:
Har du klede liggande som ikkje har rett fasong, men som har eit stoff du likar og som ikkje er utslite enda? Då kan du lære å lage heilt nye plagg ut av dei bruka kleda. Du kan enten bruke dei brukte kleda eller du kan kombinere med metervare. Du får rettleiing til å få fram dine eigne idear og ynskjer. Me sprett frå kvarandre delar av plagga og set delane samen på ein ny måte til det plagget me ynskjer å sy. Me jobbar med innprøving på eigen kropp. Du får rettleiing i syteknikk slik at du får eit proft resultat.

Har du til dømes ei kåpe som er for stor, kan du sy ho om slik at ho passar din storleik. Men du kan òg lage noko heilt anna enn det opphavlege plagget, til dømes ein kjole av ei bukse: sjå eksempler på www.veronikaglitsch.no. Finn fram bruka klede som har litt ulike stoffkvalitetar, nokon tykke, nokon tynne, nokon vovne, nokon strikka (jerseystoff eller tjukkare strikkeplagg), eller ta med metervare som du vil kombinere med.

Det kan og vera kjekt å ha med litt skråband, knappar, glidelåsar, strikk og liknande som du kanskje treng til dei nye plagga. Me jobbar med å sprette frå kvarandre brukte plagg der me liker material/farge/mønster og bygge saman delane på ein ny måte slik at eit nytt plagg får nytt design og som passar til eigen klesstil. Me modellerar med stoffa på ei byste og/eller nåler direkte på eigen kropp, eller kombinerar modelleringen med delar fra eit snittmønster.

På denne måten blir plagga målsydd til eigen storleik. For at plagga skal bli brukervenlege, gjer me det sømtekniske arbeidet så proft at plagga blir likeverdige med nye plagg. På kurset varierer me mellom felles undervisning og individuell rettleiing. Eg gjennomgår sømteknikk og anna teori ein treng undervegs når me jobber med dei aktuelle problemstillingane. Då samlar eg deltakarene saman frå sitt individuelle arbeid for ein liten felles innputt.

Lærar: Veronika Glitsch. Epost: mail(a)veronikaglitsch.no

Målgruppe for kurset:
Kurset passar både for nybyrjarar og vidarekomande innan saum av klede

Forkunnskaper:
•Ingen krav til forkunnskaper

Utstyrsliste til kurset:
• Målebånd • Knappenåler • Sprettekniv (slik du tar opp søm med) • Stoffsaks
• Symaskinnåler både jerseynåler og universal i ulike størrelser, fra 70 til 110.(Symaskinnåler er forbruksvare så det er fint å ha fleire av kvar type. Kvart stoff treng ei passande nål i passande tjukkleik for at sømmene skal bli fine).
• Sytråd, skråbånd, knappar, glidelås eller liknande som du kan koma til å trenge
*Vliselin til forsterkning av belegg, linningar og liknande
• Brukte klede du vil modellere med, ta med litt av kvart, gjerne i ulike stoffkvalitetar, tjukke, tynne, strikka, vevde (obs. skinnklede treng ein ei sterkare symaskin til enn husholdningsmodellane)
• Symaskin
Ta også gjerne overlockmaskin om du har
*Stoff/metervare dersom du vil bruke det.
• Eventuelt byste dersom du har din eigen og vil jobbe på den
Om du vil jobbe med mønsterdelar kombinert med modellering treng du også:
. Snittmønster, Rull med mønsterpapir, Papirsaks
. Linjaler, både lang og kort og vinkellinjal, Blyant med spissar
. Teip (kontorteip som det går å skrive med blyant på)

Arbeidsform:
På kurset varierer me mellom felles undervisning og individuell rettleiing. Eg gjennomgår sømteknikk og anna teori ein treng undervegs når me jobbar med dei aktuelle problemstillingane. Då samlar eg deltakarane saman frå sitt individuelle arbeid for ein liten felles innputt.


Avmeldingsinformasjon for kurs og opphald/matpakker:
Påmelding er bindande. Dersom du ikkje kan delta på kurset du har meldt deg på, er det viktig at du sender skriftleg avmelding til post(alfakrøll)raulandsakademiet.no, så snart du veit du ikkje kan delta.
Du betalar eit depositum à kr. 950.- ved påmelding til kurs. Angrefrist er 14 dagar med refusjon av depositumet. Etter dette vil ikkje depositumet bli attendebetalt ved avbestilling.
Avmelding til kurset 30 dagar eller mindre, før kursstart, må heile kursavgifta, og bestilt opphald med fullpensjon eller matpakker bli betalt. Det gjeld uansett grunn, også sjukdom.
Dersom Raulandsakademiet må avlyse eit kurs er ikkje dette gjeldande.

Generell informasjon:
Det er ikkje tillate med hund i kursvekene.
Eigne prisar for overnatting og matpakker når det er kurs.
Påmelding før 1.mars til sommarkurs gjev 10 % rabatt.
Påmelding før 1.juni til haustkurs gjev 10 % rabatt.