Har du lyst til å sy klede etter eigne idear, men ikkje veit korleis du skal få laga mønster til dei? Finn du aldri klede som passar heilt til dine mål? Har du til dømes ein kjole i hovudet som du aldri heilt finn i butikken?
Har du eit yndlingsplagg som er utslite, men som du gjerne skulle hatt ein kopi av? På kurset jobbar me med grunnleggande mønsterkonstruksjon for klede av vovne stoff. Me tar for oss grunnformene for skjørt, overdel og bukse. Grunnformene blir bruka som utgangspunkt for å konstruere plagg etter dine eigne idear. Du lærer korleis du endrar grunnmønstra, legg inn større volum, endrar fasong, legg saumar der du ynskjer, til du har fått fram ditt eige design. Så syr me lerretsmodell av mønsteret, gjer innprøving på kroppen og overfører endringane attende på mønsteret. Etter det klypper du det ferdig innretta snittmønsteret i stoff og du lærer den saumteknikken som trengs for å få til eit proft sydd klesplagg.
Mål:
Korleis konstruere mønster til klede etter eigne idear, bruk av grunnformar, saum av lerretsmodellar for innprøving. Saum av plagg i vovne stoff.
Lærar: Veronika Glitsch, mail(a)veronikcaglitsch.no
Målgruppe for kurset:
Kurset passer både for nybyrjarar og vidarekomande innan saum av klede
Forkunnskaper:
Ingen spesielle forkunnskaper er krav, kurset passar både for nybyrjarar og vidarekomande innan saum av klede.
Studiematerial: For å få best utbytte av kurset anbefaler jeg at du har en bok om mønsterkonstruksjon av klær med graderte grunnformer i. Denne bruker jeg: ”Mönster och konstruktion för damkläder” Inger Öberg og Hervor Ersman. (Denne kan bestilles på nettet).
Utstyrsliste til kurset:
Målebånd (mjukt, ikkje slik hardt som det er vanskeleg å bøyge rundt kroppen)
Rull med mønsterpapir (svakt gjennomsiktig slik at ein kan sjå eit anna mønster under, NB! ikkje med rutenett på og ikkje dei som minner om stoff )
Teip (kontorteip som ein kan skrive på med blyant)
Papirsaks
Spiss blyant (hugs kvessar, eller tynn trykkblyant)
Linjalar: linjal ca. 30 cm, skreddarlinjal, eller rett vinkel og ein veldig lang vanleg linjal
Store muttarar, ca. 6 stykk som det er fint å bruke som vekter når to lag mønster ikkje skal flytte seg rundt på bordet mens du teiknar.
Perm med plastlommer er lurt å ha til oppbevaring av mønsterdelene
Lerretsstoff (billig på Ikea) eller noko anna stoff du har liggande og har lyst å få brukt opp. Dette brukar me til å sy lerretsmodeller av.
Knappenåler. Sprettekniv
Saumometer (gjerne i sylvfarga metall som har ulike hakk for dei ulike måla. Vert brukt til å sette av saummonnet på stoffet)
Skreddarkritt (gjerne i pulverform med rissehjul på haldaren). Stoffsaks
Sytråd, glidelås, knappar eller anna du treng til plagget.
Vove stoff du vil sy plagget av. Det kan være lurt å ha med litt forskjellig slik at du ikkje må låse deg på førehand for kva du skal bruke. Ta også med fórstoff og vliselin (til forsterkningar av belegg, linningar osv. ikkje lerretsvliselin) Det er viktig at du har vaska alle stoffa du skal bruke før du kjem på kurset. Då er du sikker på at stoffa er ferdig krympa og at dei ikkje smittar av i fargen, og du vil sjå korleis stoffet arter seg utan appreturen i.
Symaskin med tilbehør og manual og overlock maskin dersom du har .
Symaskinnåler, ta med fleire forskjellige tjukkleikar (Symaskinnåler er forbruksvare og det lønner seg å bytte nål ofte).
Avmeldingsinformasjon:
Påmeldinga er bindande. Dersom du ikkje kan møte på eit kurs du har meldt deg på, er det viktig at du melder frå skriftleg (e-post eller brev) så fort som mogleg.
Ein betalar eit depositum på kr 950 ved påmelding av eit kurs. Innbetalt depositum blir ikkje refundert fram til fire veker (28 dagar) før kursstart. Ved avmelding seinare enn 28 dagar før kursstart må heile kursavgifta betalast. Dette gjeld også om det er sjukdom eller andre årsaker.
Ein kan bytte kurs innafor sama år, men kan ikkje skuve påmeldinga til neste år.