Me tilbyr innføringskurs i smiing. Målsettinga med kurset er at deltakarane skal lære seg grunnleggande smiteknikkar og kunne lage enkle produkt.
Innhald:
Lær deg å forme jern etter di vilje! I dette kurset lærer du dei grunnleggande teknikkane du treng for å kunne smi. Me startar med enkle øvingar for å lære hammarkontroll og for å få ei kjensle for jernet. Me skal gå gjennom grunnleggande smi-teknikkar. Deltakarane skal kunne lage enkle ting som spikrar, krokar og beslag, og kanskje prøve seg på knivblad eller tong!
Dette er rett kurs for deg om du er heilt ny i faget og vil lære deg smiing heilt frå botn av, og for deg som har smidd litt frå før og vil lære nokre nye teknikker, tips og triks for å bli en betre smed. Undervisninga er ei blanding av demonstrasjonar, teori og hjelp undervegs med eiga arbeid.
Program:
Under kurset vil me gå i gjennom:
• Grunnleggande teknikk: Hammarkontroll, Bruk av esse, litt om stål
• Enkle produkt: Spikrar og krokar
• Grunnleggande materialkunnskap og varmebehandling
Lærer: Johannes Barstad
Nettside: johannesgbarstad.wixsite.com/portfolio
Målgruppe for kurset:
Alle som ynskjer innføringskurs i smiing. Dette skal i hovudsak vera eit nybyrjarkurs, men ved interesse av deltakarane kan me gå litt meir i djupna på visse tema.
Forkunnskaper:
• Ingen krav til forkunnskaper, så lenge ein kan halde i ein hammar kan ein vera med
Kursmateriell:
Læraren har med jern til sals. Kr.1000.- per person og er ikkje inkludert i kursprisen.
Alle må ta med:
• Vernebriller og hørselvern / øyreproppar, alle vanlige typer vernebriller og hørselvern funkar
• Eit skinnforkle er å anbefale, men er ikkje naudsynt
• Klede i naturmateriale (helst >80% bomull / ull). Syntetiske tekstilar er svært brannfarlege og skal ikkje bli brukt i smia.
• Hanskar er sterkt anbefalt. Tjukke sveisehanskar eller liknande typer skinnhanskar anbefales
• OBS! Hanskar i syntetisk materiale kan ikkje nyttas
Vi gjer merksam på:
Gjennom Studieforbundet kultur og tradisjon er dette kurset dekt av Kopinoravtalen, som tillet kopiering frå bøker og trykksaker til undervisningsføremål. Me reknar med at deltakar fylgjer sikkerhetsinstruksar frå kursarrangør og kurslærar. Kursdeltakar er ikkje dekt av forsikring frå arrangør.
Avmeldingsinformasjon:
Påmeldinga er bindande. Dersom du ikkje kan møte på eit kurs du har meldt deg på, er det viktig at du melder frå skriftleg (e-post eller brev) så fort som mogeleg.
Ein betalar eit depositum på kr 950 ved påmelding av eit kurs. Innbetalt depositum blir ikkje refundert fram til fire veker (28 dagar) før kursstart. Ved avmelding seinare enn 28 dagar før kursstart må heile kursavgifta betalast. Dette gjeld også om det er sjukdom eller andre årsaker.
Ein kan bytte kurs innanfor sama år, men kan ikkje skuve påmeldinga til neste år.