Tredreiing grunnkurs



Sted: Raulandsakademiet
          Telemark, Vinje
Kursadresse: Akademiet 2, 3864 Rauland (kart)
Type:Åpent kurs / gruppeundervisning
Studie / yrkesutdanning
Undervisningstid: Innsjekking frå kl. 14.00
Varighet: 7 dager
Pris: 8500

Me tilbyr grunnkurs i tredreiing. Målsettinga er å gje deltakarane teoretisk og praktisk innføring i tredreiefaget på ein måte som gjer deltakaren trygg på bruk av dreiebenken og utstyret. Gje deltakaren inspirasjon til vidare arbeid ved dreiebenken og utforske eigne ideer.

Innhald:
Me byrjar med å trene på å dreie konkave og konvekse formar. Elles vil me dreie beger, beger med ring, kule, egg, eggeglas, snurrebass, bolle, boks med lokk, skaft til ulike reiskap, til dømes ostehøvel eller andre ting, så langt me rekk(har nokre idear). Det er èin dreiebenk til kvar deltakar.

Agenda:
• Me gjennomgår kva som er viktig for tryggleiken medan me dreiar
• Me forklarar dei enkelte delane av dreiebenken og dei forskjellige verktøya
• Det blir råd om sliping av verktøy
• Litt om historia om tredreiing
• Om ulike treslag
• Dreiing i endeved og tverrved, og om fiberretning
• Me lærer å dreie mellom senter og på fri ende
• Me dreiar i tørt trevirke og rått trevirke
• Me ser litt på formar
• Om overflatebehanding
• Om dekorasjon

Lærar: John Halsnes

Målgruppe for kurset:
Kurset høver for nybyrjarar og litt øvde tredreiarar

Forkunnskaper:
• Ingen krav til forkunnskaper

Kursmateriell:
Ta med vernebriller eller visir, støvmaske, skyvelær, meterstokk, blyant og papir. Ta med dreiejern dersom du har. Læraren har også dreiejern til utlån. Dersom du har emne eller material du vil bruke på kurset, ta det med. Arbeidsklede som toler støv. Pass på å ha klede som ikkje kan seta seg fast i dreiebenken, bind opp langt hår m.m.

Lærar held sandpapir, måling, olje og voks. Pris kr. 250 per deltakar. Emne til dreiing får du kjøpt av lærar. Pris fra kr. 50 til kr. 200,- Pris er avhengig av storleik og mengde. Rått material er gratis. I verkstaden er det ein dreiebenk til kvar deltakar. Leige/lån av tredreiejern for bruk på kurset kr 350,-.

Me gjer merksam på:
Gjennom Studieforbundet kultur og tradisjon er dette kurset dekt av Kopinoravtalen, som tillet kopiering frå bøker og trykksaker til undervisningsføremål. Me reknar med at deltakar fylgjer tryggleiksinstruksar frå kursarrangør og kurslærar. Kursdeltakar er ikkje dekt av forsikring frå arrangør

Avmeldingsinformasjon for kurs og opphald/matpakker:
Påmelding er bindande. Dersom du ikkje kan delta på kurset du har meldt deg på, er det viktig at du sender skriftleg avmelding til post(alfakrøll)raulandsakademiet.no, så snart du veit du ikkje kan delta.
Du betalar eit depositum à kr. 950.- ved påmelding til kurs. Angrefrist er 14 dagar med refusjon av depositumet. Etter dette vil ikkje depositumet bli attendebetalt ved avbestilling.
Avmelding til kurset 30 dagar eller mindre, før kursstart, må heile kursavgifta, og bestilt opphald med fullpensjon eller matpakker bli betalt. Det gjeld uansett grunn, også sjukdom.
Dersom Raulandsakademiet må avlyse eit kurs er ikkje dette gjeldande.

Generell informasjon:
Det er ikkje tillate med hund i kursvekene.
Eigne prisar for overnatting og matpakker når det er kurs.
Påmelding før 1.mars til sommarkurs gjev 10 % rabatt.
Påmelding før 1.juni til haustkurs gjev 10 % rabatt.

Vis flere tilsvarende kurs: