Me tilbyr kurs i brikkevev, bunadsband frå Telemark. På kurset vil du lære å lage brikkeband som blir bruka til folkedraktene I Aust-Telemark. Om du er nybyrjar startar du med eit barneband, dersom du har meir erfaring med brikkevev lagar du eit hårband i full lengde.
Me tilbyr kurs i bunadbrodering. Den norske bunaden er no inne på Unesco si liste over immateriell kulturarv og mange har eit yskje om å lage bunad til seg sjølv eller eit familiemedlem.
Me tilbyr kurs i grindband frå Telemark. Du lærer veving av plukkeband i grind med spalter. Typiske døme på plukkeband er band til Telemarksbunaden, her er botnveven i mercerisert bomull med mønstertrådar i ull. Vevmetoden gjev deg stor fridom når det gjeld mønster og motiv.
Me tilbyr kurs i rosesaum, skjortebroderi frå Vest-Telemark. På kurset lærer du å brodere rosesaum på skjorteliner som er bruka til Vest-Telemarksbunaden. Det blir fellesundervising og individuelle rettleiing.
Vi tilbyr kurs i å sy flere typer bunad. Online bunadkurs. Lær å sy der du er! Etablert av Sidserk AS som har 5. generasjoners erfaring med bunadssøm.