Me tilbyr nybyrjarkurs i grindband frå Telemark. Grindvovne band kjem til glede, både i kvardag og fest.
Innhald:
Dette er eit kurs i innføring av grindvev/plukkeband fra Telemark. Typisk døme på plukkeband er band til Telemarksbunaden, med mange mogleghetar innan mønster og motiv.
Lærar:
Aud Johannessen
Målgruppe for kurset:
Kurset er både for deg som er nybyrjar, eller treng oppfrisking
Forkunnskaper:
Ingen krav. Kurset passar for alle frå 14 år oppover.
Kursmateriell - IKKJE INKLUDERT I KURSPRISEN:
Kurslærar held garn og mønster.
Kan låne ut noko utstyr.
Grindvev med 9-11 spaltar, vevkniv, bandvevfeste og belte kan du får kjøpt på Akademiet.
Ta med skrivesaker, rutepapir måleband, saks, nåler ikkje for tjukke,
Grind med mønsterspalter(om du har)Her er dagsplanen
Sette opp renning, ei prøve på 1,5 m
Lære og forstå teknikken i grind med mønsterspaltar
På slutten av kurset, sette opp ei ny renning på 4 meter(til nytt band)
De vel sjølve fargane. Kurslærar har med garn de kjøpe av ho.
Sjå korleis ein lagar tvinna snorer, vovne frynser i enden av bandet
Korleis lage duskar
Vi gjer merksam på:
Gjennom Studieforbundet kultur og tradisjon er dette kurset dekt av Kopinoravtala, som tillet kopiering frå bøker og trykksaker til undervisningsføremål. Me reknar med at deltakar fylgjer tryggleiksinstruksar frå kursarrangør og kurslærar. Kursdeltakar er ikkje dekt av forsikring frå arrangør.
Avmeldingsinformasjon for kurs og opphald/matpakker:
Påmelding er bindande. Dersom du ikkje kan delta på kurset du har meldt deg på, er det viktig at du sender skriftleg avmelding til post(alfakrøll)raulandsakademiet.no, så snart du veit du ikkje kan delta.
Du betalar eit depositum à kr. 950.- ved påmelding til kurs. Angrefrist er 14 dagar med refusjon av depositumet. Etter dette vil ikkje depositumet bli attendebetalt ved avbestilling.
Avmelding til kurset 30 dagar eller mindre, før kursstart, må heile kursavgifta, og bestilt opphald med fullpensjon eller matpakker bli betalt. Det gjeld uansett grunn, også sjukdom.
Dersom Raulandsakademiet må avlyse eit kurs er ikkje dette gjeldande.
Generell informasjon:
Det er ikkje tillate med hund i kursvekene.
Eigne prisar for overnatting og matpakker når det er kurs.
Påmelding før 1.mars til sommarkurs gjev 10 % rabatt.
Påmelding før 1.juni til haustkurs gjev 10 % rabatt.