Sogndal vidaregåande skule

Sogndal vidaregåande skule si primæroppgåve er å gje eit opplæringstilbod på vidaregåande skule sitt nivå for elevar i alderen 16-25 år. I tillegg til dette skal vi tilby vaksenopplæring på vidaregåande skule sitt nivå for personar som ikkje har fullført vidaregåande skule tidlegare, frå og med det året dei fyller 25 år. Vi kan også tilby ulike kurs ut frå dine behov, men på desse kursa må du betale deltakaravgift.


Helse- og oppvekstfag

Helse- og oppvekstfag er ei yrkesfagleg utdanning og er for deg som er omsorgsfull og liker å samhandle med andre. Etter 2 år på skule kan du gå ut i lære. Du kan også ta påbygg til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Sted Dato Varighet Pris
Sogndal Sogndal  

Idrettsfag vgs

Idrettsfag tilbyr friluftsliv, idrett og fysisk aktivitet på alle nivå. Du lærer mellom anna om kosthald, kroppen sin oppbygnad og treningsleiing. Samstundes får du generell studiekompetanse.

Sted Dato Varighet Pris
Sogndal Sogndal  

Medium og kommunikasjon

Medium og kommunikasjon er faget for deg som er kreativ og interessert i å lære om kommunikasjon og bruk av media. Du lærer mellom anna forteljarteknikkar innan tekst, lyd og bilde, og å utforme bodskap. Studietilbodet er treårig og gir generell studiekompetanse.

Sted Dato Varighet Pris
Sogndal Sogndal  

Restaurant – og matfag

Har du sans for god mat og god drikke? Er du kreativ og nøyaktig? Har du interesse for kosthald og helse. Er nysgjerrig på smak og nye rettar? Då kan restaurant- og matfag vere noko for deg. Du kan gå 2 år på skule og deretter bli lærling.

Sted Dato Varighet Pris
Sogndal Sogndal  

Sal, service og reiseliv

Er du serviceinnstilt, liker å hjelpe folk og er open for ulike kulturar og tradisjonar? Då kan Sal, service og reiseliv vere noko for deg. Du går to år i skule før du kan gå ut i lære. Du kan også ta Påbygging til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Sted Dato Varighet Pris
Sogndal Sogndal  

Studiespesialisering - Studieførebuande utdanningsprogram

Er du interessert i teoretiske fag og ønskjer å studere ved universitet eller høgskule seinare? Då kan du velje studiespesialisering. Utdanninga er treårig og fører fram til generell studiekompetanse. Du kan òg velje fag som gir spesiell studiekompetanse.

Sted Dato Varighet Pris
Sogndal Sogndal  

Vaksenopplæring

Dersom du er over 25 år og ikkje har fullført vidaregåande utdanning før, kan vi tilby gratis vidaregåande opplæring. Vidaregåande opplæring spesielt tilrettelagt for vaksne på Sogndal vidaregåande skule.

Sted Dato Varighet Pris
Sogndal Sogndal