Helse- og oppvekstfag



Sted: Sogndal vidaregåande skule
          Sogn og Fjordane, Sogndal
Kursadresse: Lunnamyri 2, 6856 Sogndal (kart)
Type:Åpent kurs / gruppeundervisning
Undervisningstid: Ta kontakt for informasjon

Helse- og oppvekstfag er ei yrkesfagleg utdanning og er for deg som er omsorgsfull og liker å samhandle med andre. Etter 2 år på skule kan du gå ut i lære. Du kan også ta påbygg til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Kvifor velje helse- og oppvekstfag?

Er du glad i å arbeide med menneske? Er du positiv og open og ynskjer å yte service og omsorg? Då er helse- og oppvekstfag noko for deg!

Vi tilbyr
• Vg1 helse- og oppvekstfag
• Vg2 barne- og ungdomsarbeidarfag
• Vg2 helsearbeidarfaget

Kva kan du bli?
Du kan velje mellom mange yrke og arbeidsplassar innan helse- og oppvekstfag, både i privat og offentleg sektor. Du kan bli alt i frå ambulansesjåfør til hudpleiar, eller kanskje tannhelsesekretær?

Det første skuleåret (vg1)
Det første året på helse- og oppvekst vil du få oppleve ei praksisnær og variert undervisning som gjer deg klar for å arbeida med menneske. Du vil få engasjerte og fagleg oppdaterte lærarar som er gode på å tilrettelegge slik at kvar enkelt elev opplever meistring ut ifrå sitt nivå. Vi arbeider aktivt for at du skal ha eit trygt og godt læringsmiljø, og vi er opptekne av å byggja gode relasjonar.

Du kjem til å læra om menneske si utvikling, om omsorg, aktivisering og pleie av menneske i ulike aldrar, om korleis ein kan ta vare på fysisk og psykisk helse, og om kommunikasjon og samhandling med menneske i ulike aldrar og livssituasjonar.

Me har to praksisperiodar der du får prøva deg i ulike yrke, til dømes i skule, barnehage, sjukeheim, heimetenester, bufellesskap, apotek, tannklinikk.

Det andre skuleåret (vg2): Barne- og ungdomsarbeidarfag

Barne- og ungdomsarbeidarklassen (BU) legg til rette for at elevane skal få planlegge og gjennomføre ulike pedagogiske tilbod for barn og ungdom for å stimulere til vekst og utvikling. Elevane får frå fyrste stund prøva seg som ansvarlege og gode rollemodellar, gjennom sosial utvikling gjennom kommunikasjon, samspel, fellesskap og samhald i eit miljø prega av leik, utforsking og læring.

Me arbeider tett opp mot praksisfeltet for å skape så yrkesrelevant utdanning som mogleg.

Elevane er i praksis ein dag i veksa store delar av skuleåret. Her er du ute i arbeid på ulike arbeidsplassar, mellom barnehagar og skular. Denne praksisperioden gir deg god innsikt i yrkesmoglegheitene som barne- og ungdomsarbeidar.

Det andre skuleåret (vg2): Helsefagarbeidar
Helsefagarbeidarklassen arbeider tverrfagleg igjennom heile året og trenar på å kombinera teori og praksis på veg fram mot eit yrke som helsefagarbeidar.

Me har tre samanhengande veker med praksis i halvåret, tre på hausten og tre på våren. Her er du ute i arbeid på ulike arbeidsplassar, mellom anna på sjukehus og sjukeheimar, i heimetenestar eller du arbeider med rehabilitering eller med personar med utviklingshemming. Denne praksisperioden gir deg god innsikt i mangfaldet av yrkesmoglegheiter som helsefagarbeidar. Tilbakemeldingane frå praksisfeltet er og at elevar våre er fagleg flinke og at dei er eit godt bidrag inn i det arbeidet som skal utførast.

Vegen vidare
Etter to år i skule kan du søkja læreplass i ei godkjend lærebedrift.

Du kan også ta påbygg til generell studiekompetanse (før eller etter læretida) for å kunna studera vidare på høgskule/universitet.