Sogndal vidaregåande skule

Sogndal vidaregåande skule si primæroppgåve er å gje eit opplæringstilbod på vidaregåande skule sitt nivå for elevar i alderen 16-25 år. I tillegg til dette skal vi tilby vaksenopplæring på vidaregåande skule sitt nivå for personar som ikkje har fullført vidaregåande skule tidlegare, frå og med det året dei fyller 25 år. Vi kan også tilby ulike kurs ut frå dine behov, men på desse kursa må du betale deltakaravgift.


Medium og kommunikasjon

Medium og kommunikasjon er faget for deg som er kreativ og interessert i å lære om kommunikasjon og bruk av media. Du lærer mellom anna forteljarteknikkar innan tekst, lyd og bilde, og å utforme bodskap. Studietilbodet er treårig og gir generell studiekompetanse.

Sted Dato Varighet Pris
Sogndal Sogndal