Sal, service og reiseliv



Sted: Sogndal vidaregåande skule
          Sogn og Fjordane, Sogndal
Kursadresse: Lunnamyri 2, 6856 Sogndal (kart)
Type:Åpent kurs / gruppeundervisning
Undervisningstid: Ta kontakt for informasjon

Er du serviceinnstilt, liker å hjelpe folk og er open for ulike kulturar og tradisjonar? Då kan Sal, service og reiseliv vere noko for deg. Du går to år i skule før du kan gå ut i lære. Du kan også ta Påbygging til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Sal, service og reiseliv er ei mangfaldig utdanning - og gjev mange moglegheiter. Du som vel sal, service og reiseliv vil seinare vere den som møter kundane der du arbeider. Du bør difor vere høfleg, imøtekomande og serviceinnstilt, og du må like å ha med andre menneske å gjere. Du må òg kunne vise respekt for ulike kulturar, tradisjonar og etiske normer.

Yrke og kompetansar etter vidaregåande opplæring
• jobbar i offentlege verksemder, bibliotek, service- og informasjonssenter og i private bedrifter
• Sentrale arbeidsområde er å

• drive service, kundebehandling og rettleiing
• drive skriftleg og munnleg informasjonsformidling
• ta hand om kommunikasjonskanalane
• bruke publiseringsverktøya i verksemda
• administrere og følgje opp møteverksemd
• gjere innkjøp og budsjett- og rekneskapsarbeid
• planleggje og gjennomføre marknadsføringsaktivitetar
• utføre kontinuerleg personalarbeid

• Kan arbeide innanfor ei rekkje verksemder, til dømes reise- og bookingbyrå, turoperatørar, turistkontor, jernbaneselskap, event- og attraksjonsbedrifter og ferjereiarlag.

• Sentrale arbeidsområde er
• rådgiving og rettleiing om reiser og reisemål
• planlegging og gjennomføring av aktivitetar og opplevingar
• bruk av informasjonsteknologi som sals- og støtteverktøy
• bruk av søkjemotorar og bookingsystem
• reservasjon og billettering
• marknadsføring og salsarbeid

• Jobbar i ei rekkje private og nokre offentlege verksemder.
• Sentrale arbeidsområde er

• marknadsstrategi, marknadsføring og salsarbeid
• ulike salsmetodar (telefonsal, nettsal, direktesal, meirsal, gjenkjøp)
• kommunikasjon og sosial samhandling
• bruk av teknologiske hjelpemiddel
• inngåande kunnskapar om bedrifta sine produkt

• Kan arbeide i vektar- og vaktselskap, alarmsentralar eller i større bedrifter som har tilsett eigne vektarar.
• Sentrale arbeidsområde er

• førebyggjande informasjonsteneste overfor publikum og kundar
• planlegging og gjennomføring av tryggleikstiltak hos kundar
• førebyggjande verne- og sikringsarbeid og førsteinnsats ved uventa hendingar
• salsarbeid og service
• betening av automatiske varslings- og overvakingsanlegg

Sal, service og reiseliv ved Sogndal vgs
Sal, service og reiseliv er eit yrkesfag, og Sogndal vidaregåande skule tilbyr følgjande programområde:


Næringslivet og forbrukarane stiller stadig aukande krav til effektiv, sikker og miljøvennleg flytting av menneske, leveranse av varer og tenester. Opplæringa innan sal, service og reiseliv skal bidra til utvikling av kompetanse som støtter desse krava, til beste for næringslivet, forbrukarane og samfunnet.

Utdanningsprogrammet fører fram til yrke i eit breitt spekter av servicebransjar. I desse bransjane står kunnskap om lover og forskrifter sentralt. Det same gjer evne til å analysere kva kundane treng, for dermed å kunne føreslå både tradisjonelle og nye løysingar.

Døme på jobbar tidlegare elevar frå sal, service og reiseliv har i dag:
• Eigedomsmeklar
• Butikksjef
• Flyvert-/inne og skrankejobb innan Norwegian
• Marknadsjobbar i Thon Hotel gruppa
• Marknadssjef i ulike reiselivsbedrifter
• Marknadssjef og andre marknadsjobbar i ulike salsbedrifter, til dømes Tine.
• Butikksjef i ulike butikktypar
• Resepsjonssjef, -medarbeidar og –lærling
• Studere marknadsføring i USA
• Starta eiga bedrift
• Vektar
• Mange har teke påbygg og utdanna seg til : lærar, førskulelærar, sjukepleiar osb, og dei gir tilbakemelding om at dei har veldig god nytte av kunnskap i service og kundebehandling

Vg1 sal, service og reiseliv
Programfaga på denne linja er nye frå hausten 2020:

• Forretningsdrift
• Kultur og samhandling
• Marknadsføring og innovasjon
• Yrkesfagleg fordjuping

Elevane startar ungdomsbedrift på Vg1, og dei fleste startar bedrifter der dei nyttar det flotte trykkeriet vi har. Dei produserer alt innan trykk, mest brosjyrar og trykk på t-skjorte, collegegenser ol.

I yrkesfagleg fordjuping er elevane utplasserte i bedrift ein dag i veka. Det meste av teorien dei lærer i dei ulike programfaga vert konkretisert gjennom ungdomsbedrift og utplassering.

Vg2 sal og reiseliv
Programfaga på denne linja er nye frå hausten 2021:

• Kultur og kommunikasjon
• Marknadsføring og innovasjon
• Næring og utvikling
• Yrkesfagleg fordjuping

Elevane er utplasserte ein dag i veka i sjølvvald bedrift, ofte på heimplassen sin. Dei fleste vil vere utplassert innan salsfaget (ikkje berre butikk) eller reiselivsfaget. Utplasseringsdag er fredag eller måndag slik at hybelbuarar skal kunne reise heim ein dag tidlegare eller vere heime ein dag lenger i samband med helg, dersom dei ønskjer utplassering i heimkommunen sin.

All teoriundervisning i programfaga vert konkretisert med oppgåver der eleven skal finne døme i utplasseringsbedrifta.

Mange av elevane held fram som lærling i bedrifta dei var utplasserte i. Både salsfaget og reiselivsfaget gjev eit godt grunnlag for vidare studiar på ulike høgskule eller universitet.