Raulandsakademiet - Norsk senter for folkekultur

Raulandsakademiet ligg i fjellbygda Rauland i Vest-Telemark. Rauland er kjend for å halde fast på tradisjonane innan folkekultur. Raulandsakademiet A/S blei stifta i 1987. Tidlegare heitte staden Rauland Folkehøgskule og Akademi. Siktemålet til Raulandsakademiet er å drive eit undervisnings- og aktivitetssenter tufta på det beste i folkekulturen. I samarbeid med Rauland husflidslag og Studieforbundet -kultur og tradisjon blir det arrangert ulike kurs i husflid, handverk, kveding og ulike mattradisjonar. I tillegg er det mogleg for grupper og einskildpersonar å bu på staden. Skular, lag og organisasjonar, verksemder og privatpersonar som ynskjer overnatting og tilbod om servering kan bu på Raulandsakademiet. Her kan du arrangere skikurs, øvingshelg, møte eller seminar. Både sommar og vinter byr fjellet på fine naturopplevingar. Ein kan stå slalåm eller snobrett i eit av skianlegga, nytte tilbodet til Rauland Ridesenter eller vitje ei av kunstsamlingane i området.


<< Forrige side  |  1 2 3 4 5 6 7   |  Neste side >>

Maskinstrikking grunnkurs

M tilbyr grunnkurs i maskinstrikking. Målsettinga er at deltakarane skal lære grunnleggande arbeidsprosessar på strikkemaskina. Arbeidsforma blir som gruppeundervisning med individuell rettleiing.

Sted Dato Varighet Pris
Vinje Vinje 7 dager 8500 kr  

Matberedskap og permakultur

Me tilbyr kurs i fermentering, sjølvhushald. Bli med tidligere Farmen- mentor, Hedda Kortnes. Lær korleis du med enkle grep kan få ein meir berekraftig kvardag med fermentering og sjølvberging. Målsettinga er å lære korleis du kan kome deg gjennom vinteren med mykje sjølvprodusert mat

Sted Dato Varighet Pris
Vinje Vinje 09.10.2025 4 dager09.10.2025 5400 kr  

Møbeltapetsering

Vi tilbyr kurs i møbeltapetsering med individuell undervisning. Målsettinga med kurset er gi deltakerene innføring i møbeltapetsering, stoppe- trekke om egne stoler. Her kan du lære å trekke om dine egne møbler, enkle reparasjoner av stoppingen er også greit.

Sted Dato Varighet Pris
Vinje Vinje 7 dager 8300 kr  

Mønsterkonstruksjon og saum av klede

Har du lyst til å sy klede etter eigne idear, men ikkje veit korleis du skal få laga mønster til dei? Finn du aldri klede som passar heilt til dine mål? Har du til dømes ein kjole i hovudet som du aldri heilt finn i butikken?

Sted Dato Varighet Pris
Vinje Vinje 7 dager 8500 kr  

Neversløyd / fletting

Vi tilbyr kurs i neversløyd / fletting. Lær å lage bruksting av never! Never er eit fantastisk materiale som kan nyttast til korger, vesker sko m.m. Leikny Bekkevold er utdanna lærar i kunst og handverk og sysler med ulike håndverk som hekling, veving, broderi og neversløyd.

Sted Dato Varighet Pris
Vinje Vinje 7 dager 7800 kr  

Pilfletting

Me tilbyr kurs i pilfletting for nybyrjarar og øvde innan pilflettingskunsten. Målsettinga med kurset er å lære dei grunnleggande teknikkane innan korgfletting med pil. Pil er eit inspirerande materiale å jobbe med.

Sted Dato Varighet Pris
Vinje Vinje 7 dager 8500 kr  

Rosemåling - Ein leik med fargar

Me tilbyr kurs om rosemaling og dekorative teknikkar. På kurset lærer du korleis du kan nytte laseringsteknikken saman med rosemåling. På dette kurset skal me sjå korleis form og farge kan bli brukt i oppbygginga av mønster i rosemåling.

Sted Dato Varighet Pris
Vinje Vinje 7 dager 8500 kr  

Rosesaum, skjortebroderi frå Vest-Telemark

Me tilbyr kurs i rosesaum, skjortebroderi frå Vest-Telemark. På kurset lærer du å brodere rosesaum på skjorteliner som er bruka til Vest-Telemarksbunaden. Det blir fellesundervising og individuelle rettleiing.

Sted Dato Varighet Pris
Vinje Vinje 4 dager 5400 kr  
<< Forrige side  |  1 2 3 4 5 6 7   |  Neste side >>