Raulandsakademiet - Norsk senter for folkekultur

Raulandsakademiet ligg i fjellbygda Rauland i Vest-Telemark. Rauland er kjend for å halde fast på tradisjonane innan folkekultur. Raulandsakademiet A/S blei stifta i 1987. Tidlegare heitte staden Rauland Folkehøgskule og Akademi. Siktemålet til Raulandsakademiet er å drive eit undervisnings- og aktivitetssenter tufta på det beste i folkekulturen. I samarbeid med Rauland husflidslag og Studieforbundet -kultur og tradisjon blir det arrangert ulike kurs i husflid, handverk, kveding og ulike mattradisjonar. I tillegg er det mogleg for grupper og einskildpersonar å bu på staden. Skular, lag og organisasjonar, verksemder og privatpersonar som ynskjer overnatting og tilbod om servering kan bu på Raulandsakademiet. Her kan du arrangere skikurs, øvingshelg, møte eller seminar. Både sommar og vinter byr fjellet på fine naturopplevingar. Ein kan stå slalåm eller snobrett i eit av skianlegga, nytte tilbodet til Rauland Ridesenter eller vitje ei av kunstsamlingane i området.


<< Forrige side  |  1 2 3 4 5 6   |  Neste side >>

Sylv, ei innføring i smykkedesign

Kvar dag starter med innføring i ein ny gullsmedteknikk, og så designer og lager du eigne smykke med denne teknikken. Det blir daglege, kreative øvingar og føredrag i korleis du kan bli betre på å lage unike smykke og kolleksjonar.

Sted Dato Varighet Pris
Vinje Vinje 7 dager 8500 kr  

Sylv/filigran kurs for vidarekomande

Me tilbyr kurs i sylvarbeid/filigranarbeid for vidarekomande. Målsettinga er å gje den einskilde tryggleik til å bli meir sjølvstendig. Gjera ferdig arbeid som har blitt liggjande av ulike årsakar, eller at du har trong for rettleiing i vegen vidare på ulike prosjekt i filigran.

Sted Dato Varighet Pris
Vinje Vinje 22.06.2026 7 dager22.06.2026 8500 kr  

Sylv/filigran, innføringskurs

Me tilbyr innføringskurs i filigran. Kurset er for nybyrjarar.

Sted Dato Varighet Pris
Vinje Vinje 29.06.2026 7 dager29.06.2026 8500 kr  

Toving av ull frå norske saueraser

Vel møtt til fire dagar med toving og norsk ull! Har du nokon gong gått i djupna på korleis ull tovar seg? Eller korleis ulla frå ulike norske sauerasar har ulike toveeigenskaper? Jobber du kanskje med tekstil i dag og vil undersøke nye material og mogleghetar? Då er dette kurset for deg!

Sted Dato Varighet Pris
Vinje Vinje 02.07.2026 4 dager02.07.2026 5400 kr  

Tredreiing

Me tilbyr grunnkurs i tredreiing. Målsettinga er å gje deltakarane teoretisk og praktisk innføring i tredreiefaget på ein måte som gjer deltakaren trygg på bruk av dreiebenken og utstyret. Gje deltakaren inspirasjon til vidare arbeid ved dreiebenken og utforske eigne ideer.

Sted Dato Varighet Pris
Vinje Vinje 20.07.2026 7 dager20.07.2026 8500 kr  

Treskjering, dragestil

Vi tilbyr kurs i treskjering, dragestil. Målsettinga er å gje grunnleggande opplæring i å skjære dragestil. På kurset blir det undervist i dragestil inspirert av stilen utvikla av Lars Kinsarvik og Magnus Dagestad. Du får opplæring i materiallære og sliping av jern.

Sted Dato Varighet Pris
Vinje Vinje 7 dager 7800 kr  

Tægerbinding

Vi tilbyr kurs om tægerbinding. Røtene eller tæger er mjuke og elastiske, og skal ein laga korger av dette materialet, kan ein ikkje bruka vanleg fletteteknikk. Teknikken eller bindinga held materialet godt saman og forma vert stødig.

Sted Dato Varighet Pris
Vinje Vinje 29.06.2026 7 dager29.06.2026 8500 kr  

Veving - grunnkurs

Me tilbyr kurs i veving for nybyrjarar. Lær å veve og å sette opp eigen renning i veven. På kurset får du prøve å veve toskaft, kypert og vaffelbinding i ulike garnkvalitetar. Kvar kursdeltakar får også prøve å renne, påsveiping, hovling, tre i vevskei, nedknyting. Ny info kjem-

Sted Dato Varighet Pris
Vinje Vinje 29.06.2026 7 dag29.06.2026 8500 kr  
<< Forrige side  |  1 2 3 4 5 6   |  Neste side >>