Raulandsakademiet - Norsk senter for folkekultur

Raulandsakademiet ligg i fjellbygda Rauland i Vest-Telemark. Rauland er kjend for å halde fast på tradisjonane innan folkekultur. Raulandsakademiet A/S blei stifta i 1987. Tidlegare heitte staden Rauland Folkehøgskule og Akademi. Siktemålet til Raulandsakademiet er å drive eit undervisnings- og aktivitetssenter tufta på det beste i folkekulturen. I samarbeid med Rauland husflidslag og Studieforbundet -kultur og tradisjon blir det arrangert ulike kurs i husflid, handverk, kveding og ulike mattradisjonar. I tillegg er det mogleg for grupper og einskildpersonar å bu på staden. Skular, lag og organisasjonar, verksemder og privatpersonar som ynskjer overnatting og tilbod om servering kan bu på Raulandsakademiet. Her kan du arrangere skikurs, øvingshelg, møte eller seminar. Både sommar og vinter byr fjellet på fine naturopplevingar. Ein kan stå slalåm eller snobrett i eit av skianlegga, nytte tilbodet til Rauland Ridesenter eller vitje ei av kunstsamlingane i området.


 |  1 2 3   |  Neste side >>

Biletvev

Me tilbyr kurs i biletvev. Målsettinga er at deltakaren skal meistre enkle billetvevteknikkar, og bruke dei i biletkomposisjon, og nå ei forståing for teknikken sine verkemidlar og mogleghetar. Arbeidsformen er førelesing, individuelt arbeid og individuell rettleiing.

Sted Dato Varighet Pris
Vinje Vinje 20.07.2026 6 dager20.07.2026 8500 kr  

Brikkevev, bunadsband frå Telemark

Me tilbyr kurs i brikkevev, bunadsband frå Telemark. På kurset vil du lære å lage brikkeband som blir bruka til folkedraktene I Aust-Telemark. Om du er nybyrjar startar du med eit barneband, dersom du har meir erfaring med brikkevev lagar du eit hårband i full lengde.

Sted Dato Varighet Pris
Vinje Vinje 6 dager 8500 kr  

Brodering av bunad

Me tilbyr kurs i bunadbrodering. Den norske bunaden er no inne på Unesco si liste over immateriell kulturarv og mange har eit yskje om å lage bunad til seg sjølv eller eit familiemedlem.

Sted Dato Varighet Pris
Vinje Vinje 7 dager 8500 kr  

Bunadsband frå Telemark, grindvev/plukkeband NY

Me tilbyr kurs i grindband frå Telemark. Du lærer veving av plukkeband i grind med spalter. Typiske døme på plukkeband er band til Telemarksbunaden, her er botnveven i mercerisert bomull med mønstertrådar i ull. Vevmetoden gjev deg stor fridom når det gjeld mønster og motiv.

Sted Dato Varighet Pris
Vinje Vinje 4 dager 5400 kr  

Garving av saueskinn

Me tilbyr kurs garving av saueskinn på to ulike måtar.

Sted Dato Varighet Pris
Vinje Vinje 7 dager 8500 kr  

Maskinstrikking- Eigne plagg på strikkemaskin

Me jobbar frå idé til ferdig produkt med strikkemaskin og strikkedesignprogrammet DesignaKnit. Målsettinga er at du skal kunne designe eigne plagg etter eigne mål, og vidare strikke det på strikkemaskin. Du kan bruke alle typer strikkemaskiner saman med DesignaKnit.

Sted Dato Varighet Pris
Vinje Vinje 7 dager 8500 kr  

Maskinstrikking grunnkurs

Me tilbyr grunnkurs i maskinstrikking. Målsettinga er at deltakarane skal lære grunnleggande arbeidsprosessar på strikkemaskina. Arbeidsforma blir gruppeundervisning og individuell rettleiing.

Sted Dato Varighet Pris
Vinje Vinje 7 dager 8500 kr  

Mønsterkonstruksjon og saum av klede

Har du lyst til å sy klede etter eigne idear, men ikkje veit korleis du skal få laga mønster til dei? Finn du aldri klede som passar heilt til dine mål? Har du til dømes ein kjole i hovudet som du aldri heilt finn i butikken?

Sted Dato Varighet Pris
Vinje Vinje 7 dager 8500 kr  
 |  1 2 3   |  Neste side >>