Har du spreke, naturglade ungar i familien og som likar utfordringar? Er svaret ja, då er SPESIALTUR FOR BARN det rette valet. Denne turen passar for foreldre med spreke ungar som gjerne vil gå på utforskingsferd i den spennande blåisverda på Nigardsbreen.
Opplev blåisen på Nigardsbreen i ei lita gruppe på maks. 6 pers. Me tek dagens fyrste båt over Nigardsbrevatnet og opplever i ei unik brenatur kor fint det er å vere ein tidleg ‘morgonfugl’ på tur i blåisen.
Ein kort men opplevingsrik blåistur mellom bresprekkar og istårn på NIGARDSBREEN i Jostedalen og som gjev deg kjensla av å vere midt inne i eit mystisk islandskap. Delar av ruta på sjølve isen samt delar av anmarsjen til Nigardsbreen er ganske bratt.
Ynskjer du å oppleve ein meir utfordrande bretur bør du bli med på ein lengre tur på Nigardsbreen med innlagt topptauklatring i ein vegg i blåisen. Ynskjer du å oppleve ein meir utfordrande bretur bør du bli med på ein lengre tur med toptauklatring i blåisen.
Lær korleis du meistrar brevandring og utvid turområda dine. Brekurs passar for deg som ynskjer å tileigne seg kunnskap og opparbeide ferdigheiter for å kunne ferdast trygt i taulag utan førar på blåis, snødekt bre og i brattare brefall.
Mini-brekurs - “blåispensumet” av eit vekesbrekurs. Kurset blir arrangert på førespurnad.
Metodeseminaret er obligatorisk for NF-godkjende breinstruktørar som ynskjer å kvalifisere seg på nivå 2 bre. I tillegg gjev kurset og ein fagleg oppdatering/vedlikehald av kompetanse gjennom erfaringsutveksling med andre instruktørar og fagmiljø.
Vi tilbyr Bre- og isbreredningskurs. På bre- og isbreredningskurs lærer du HMS rundt arbeid på bre og isbre, egenredning, bruk av tau og tausystemer for bre og isbreredning. Er det ikke satt opp kurs og dere er 8 personer, er det bare å ta kontakt.
Vi tilbyr Bre- og isbreredningskurs på forespørsel. Grupper minimum 8 personer. På bre- og isbreredningskurs lærer du HMS rundt arbeid på bre og isbre, egenredning, bruk av tau og tausystemer for bre og isbreredning.