Jostedalen Breførarlag AS

Velkommen til Jostedalen!
Jostedalen er ei vestlandsbygd med ein sterk lokal kultur, storslått natur og ikke minst fantastiske brear som omkransar dalen og strekkjer seg langt nedover fjellsidene. Mest kjent er Nigardsbreen som kjem heilt ned på 330 moh. før den må gje tapt for låglandssommaren.



Jostedalen Breførarlag tilbyr varierte turar og kurs frå 1 time til 6 dagar. Dei mest brukte turområda våre er breane og fjella i Jostedalen og Jotunheimen. Forholda i Jostedalen gjev dei ypparste vilkår for gode brekurs og klatrekurs.



Breførarlaget har fleire skiturar Jostedalsbreen på langs kvar vår. For turar tidligare på vinteren viser me til selskapet Fimbul Jostedal, som tilbyr ulike typar vinteraktivitetar både i Jostedalen og Jotunheimen.


 |  1 2   |  Neste side >>

Alpinkurs på Jostedalsbreen og i Jotunheimen

Vi tilbyr alpinkurs på Jostedalsbreen og i Jotunheimen. Kurset gjev ei grunnleggande innføring i is- og fjellklatring og passar for dei som har gjennomført brekurs eller har tilsvarande erfaring frå brevandring.

Sted Dato Varighet Pris
Sogn og Fjordane Sogn og Fjordane 1 uke  

Breføring på Nigardsbreen - Spesial Blåistur for barn

Har du spreke, naturglade ungar i familien og som likar utfordringar? Er svaret ja, då er SPESIALTUR FOR BARN det rette valet. Denne turen passar for foreldre med spreke ungar som gjerne vil gå på utforskingsferd i den spennande blåisverda på Nigardsbreen.

Sted Dato Varighet Pris
Sogn og Fjordane Sogn og Fjordane Ca 4 1/2 time fra 1.180 kr  

Breføring på Nigardsbreen: Deluxe Blåistur

Opplev blåisen på Nigardsbreen i ei lita gruppe på maks. 6 pers. Me tek dagens fyrste båt over Nigardsbrevatnet og opplever i ei unik brenatur kor fint det er å vere ein tidleg ‘morgonfugl’ på tur i blåisen.

Sted Dato Varighet Pris
Sogn og Fjordane Sogn og Fjordane 5 timer 870 kr  

Breføring på Nigardsbreen: Kort Blåistur

Ein kort men opplevingsrik blåistur mellom bresprekkar og istårn på NIGARDSBREEN i Jostedalen og som gjev deg kjensla av å vere midt inne i eit mystisk islandskap. Delar av ruta på sjølve isen samt delar av anmarsjen til Nigardsbreen er ganske bratt.

Sted Dato Varighet Pris
Sogn og Fjordane Sogn og Fjordane Ca 4 1/2 time fra 1.180 kr  

Breføring på Nigardsbreen: Spesial Blåistur

Ynskjer du å oppleve ein meir utfordrande bretur bør du bli med på ein lengre tur på Nigardsbreen med innlagt topptauklatring i ein vegg i blåisen. Ynskjer du å oppleve ein meir utfordrande bretur bør du bli med på ein lengre tur med toptauklatring i blåisen.

Sted Dato Varighet Pris
Sogn og Fjordane Sogn og Fjordane 870 kr  

Breføring på Nigardsbreen: X-tra kort Blåistur

Ein kort men opplevingsrik blåistur mellom bresprekkar og istårn på NIGARDSBREEN i Jostedalen og som gjev deg kjensla av å vere midt inne i eit mystisk islandskap. Delar av ruta på sjølve isen samt delar av anmarsjen til Nigardsbreen er ganske bratt.

Sted Dato Varighet Pris
Sogn og Fjordane Sogn og Fjordane Ca 4 1/2 time fra 1.180 kr  

Brekurs

Lær korleis du meistrar brevandring og utvid turområda dine. Brekurs passar for deg som ynskjer å tileigne seg kunnskap og opparbeide ferdigheiter for å kunne ferdast trygt i taulag utan førar på blåis, snødekt bre og i brattare brefall.

Sted Dato Varighet Pris
Sogn og Fjordane Sogn og Fjordane 5 dager  

Fjellføring frå Fondsbu (DNT) - Falketind via Stølsnostind

Vi tilbyr fjellføring frå Fondsbu (DNT) - Falketind via Stølsnostind. Jostedalen Breførarlg har i meir enn 15 år tilbydd fjellføring og toppturar i samarbeid med Fondsbu (DNT) på Eidsbugarden i Jotunheimen til mange utfordrande 2000-meterstoppar i området.

Sted Dato Varighet Pris
Sogn og Fjordane Sogn og Fjordane 12 timer  
 |  1 2   |  Neste side >>