Breføring på Nigardsbreen: Kort Blåistur



Sted: Jostedalen - Nigardsbreen parkeringsplass
          Sogn og Fjordane
Type:Åpent kurs / gruppeundervisning
Undervisningstid: Ta kontakt for informasjon
Varighet: 4 timer
Pris: 760

Vi tilbyr ein lettare og kortare men opplevingsrik blåistur mellom bresprekkar og istårn på Nigardsbreen i Jostedalen og som gjev deg kjensla av å vere midt inne i eit mystisk islandskap. Frå 2017 er også tilgjenge til utstillingane på Breheimsenteret inkludert i prisen (gjeld ikkje for grupper).

Innhald:
Den korte blåisturen er ikkje lang, hard og kondisjons-krevjande og passar difor for alle som ynskjer å oppleve på ein kortare tur, kva brevandring på blåis eigentleg er.

Utstyr:
Klede som dekkar heile kroppen (ikkje shorts eller skjørt utan leggings). Ta med varme og vind-/ vasstette klede, stødige sko (terreng-joggesko eller fjellstøvlar) samt mat og drikke.

Billettar:
Online-booking eller dersom det fortsatt er ledige plassar kan ein kjøpe billettar direkte hjå føraren, og då berre mot kontant betaling.

Varigheit:
På isen ca. 1,5 timar. Totalt 3,5 - 4 timar.
Total tid beregnes følgjende:
• Båttransport: 15 min. X 2 pluss litt ventetid.
• Gåing til og fra breen 30 - 45 min. X 2
• Påkledning / opplæring og instruksjon ca. 30 min

Målgruppe for kurset:
Aldersgrense: Min. 12 år

Kursmateriell:
Kursavgiften inkluderer komplett breutstyr og inngangsbillett på Breheimsenteret.