Raulandsakademiet - Norsk senter for folkekultur

Raulandsakademiet ligg i fjellbygda Rauland i Vest-Telemark. Rauland er kjend for å halde fast på tradisjonane innan folkekultur. Raulandsakademiet A/S blei stifta i 1987. Tidlegare heitte staden Rauland Folkehøgskule og Akademi. Siktemålet til Raulandsakademiet er å drive eit undervisnings- og aktivitetssenter tufta på det beste i folkekulturen. I samarbeid med Folkeuniversitetet Rauland blir det arrangert kurs innan husflid, handverk, folkemusikk og språk. I tillegg er det mogleg for grupper og einskildpersonar å bu på staden.

Skular, skigrupper, kor, korps og andre som treng rimeleg overnattingsplass, kan bu på Raulandsakademiet og ha skikurs, øvingshelg eller seminar. Både sommar og vinter byr fjellet på fine naturopplevingar. Ein kan stå slalåm eller snobrett i eit av skianlegga, renne i Noregs største akebakke med kjelketrekk, nytte tilbodet til Rauland Ridesenter eller vitje ei av kunstsamlingane i området.


Brikkevev, bunadsband frå Telemark

Vi tilbyr kurs i brikkevev, bunadsband frå Telemark. På kurset vil du lære å lage brikkeband som blir bruka til folkedraktene I Aust-Telemark. Om du er nybyrjar startar du med eit barneband, dersom du har meir erfaring med brikkevev lagar du eit hårband i full lengde.

Sted Dato Varighet Pris
Vinje Vinje 10.10.2024 4 dager10.10.2024 4995 kr  

Brodere bunad, ullbroderi

Vi tilbyr kurs i å brodere bunad, ullbroderi. Målsettinga er at du skal koma godt i gang med arbeidet ditt. Vi startar med ein gjennomgang av arbedet ditt, snakker om korleis det er lurt å legge opp arbeidet og lage ein arbeidsplan.

Sted Dato Varighet Pris
Vinje Vinje 24.06.2024 7 dager24.06.2024 7800 kr  

Bunadsband frå Telemark, grindvev/plukkeband NY

Vi tilbyr kurs i grindband frå Telemark. Du lærar veving av plukkeband i grind med spalter. Typiske eksempel på plukkeband er band til Telemark bunaden, her er botnveven i mercerisert bomull med mønstertrådar i ull. Vevmetoden gjev deg stor fridom når det gjeld mønster og motiv.

Sted Dato Varighet Pris
Vinje Vinje 24.10.2024 4 dager24.10.2024 4995 kr  

Historiske handsaumsteknikkar

Vi tilbyr kurs i historiske handsaumsteknikkar. Opplegget for mine kurs er at jeg begynner med en orientering om historien til teknikkene / draktene vi går igjennom, materialbruk og verktøy, for så å lage prøvelapper. Dernest begynner vi på et produkt, etter den enkelte deltakerens lyst og evne.

Sted Dato Varighet Pris
Vinje Vinje 7 dager 0 kr  

Rosesaum, skjortebroderi frå Vest-Telemark

Vi tilbyr kurs om rosesaum, skjortebroderi frå Vest-Telemark. På kurset lærar du å brodere rosesaum på skjorteliner som er bruka til den rosesauma Vest-Telemarksbunaden. Det blir fellesundervising og individuelle rettleiing.

Sted Dato Varighet Pris
Vinje Vinje 18.07.2024 4 dager18.07.2024 4995 kr  

Ullbroderi

Vi tilbyr kurs om ullbroderi. Målsettinga er at du skal oppleve glede med å brodere, leike seg med farger og lære dei vanlegaste stinga og teknikkane vi nyttar i ullbroderi. Kurslærar har med påteikna materiale, broderitråd og anna utstyr og så går vi gjennom ulike sting.

Sted Dato Varighet Pris
Vinje Vinje 26.09.2024 4 dager26.09.2024 4995 kr