Vg2 Smed



Sted: Hjerleid
          Oppland, Dovre
Kursadresse: Jøndalsvegen 3b, 2662 Dovre (kart)
Type:Åpent kurs / gruppeundervisning
Studie / yrkesutdanning
Undervisningstid: Ta kontakt for informasjon
Varighet: 1 år

Handverksskolen på Hjerleid tilbyr eit eineståande skuleår i smedfaget. Du lærer å smi, og fleire slags varmebehandling av jern og stål, sveising og dreiing. Du lagar eigne verkty og reiskap som kniv, øks og hammar, hengsel, lås, skulptur, smykke og krokar.

Innhald:
Eit år med på smedlinja gir deg eit godt grunnlag i varmebehandling av metall og formgiving, slik at du til dømes kan arbeide med mekaniske fag, i industrien eller som handverkar, kunstnar, lærar eller på museum. Du kan og ta sveinebrev i smedfaget etter 2 år i lære.

Eigen lærebedrift:
Senter for bygdekultur har oppretta ei lærebedrift der elevane kan gå to år i lære og seinare gå opp til sveineprøve. Lærlingen teiknar ei lærekontrakt med bedrifta. I løpet av dei to åra får lærlingen vidare undervisning og deltar i produksjon.

Friskule:
Handverksskolen er organisert som ein friskole. Ein friskole får statleg støtte, men elevane må betale kr 2.800,- i månaden i skulepengar, samt kr 7 - 8.000,- i året i materiellutgifter. Utdanninga gjev rett til lån og stipend hjå Lånekassen.

Vis flere tilsvarende kurs: