Josten på langs -Ein skitur som kan by på fantastiske variasjonar



Sted: Oppmøte på Bretun i Jostedalen kvelden før turstart
          Sogn og Fjordane
Type:Åpent kurs / gruppeundervisning
Undervisningstid: Ta kontakt for informasjon
Varighet: 3 dager
Pris: fra 3.940

Vi tilbyr ein skitur som kan by på store og mektige kontrastar og variasjonar. På ein og same tur tur kan du møte varmande vår og full vinter, sludd på tvers og steikande sol, grauttåke med 10 meter sikt og flott utsikt til kvasse tindar og vide vidder.

Innhald:
Me går frå Fåbergstølen nord i Jostedalen til Flatbrehytta i Fjærland. Undervegs gjer me avstikkarar til flotte utsynspunkt som Lodalskåpa (2083), Brenibba (2018), Kjenndalskruna (1830), Høgste Breakulen (1957) og Supphellenipa (1731). Dette er ein tung tur i bratt vestlandsterreng med sekk på 15 - 20 kg.


Program:

1. kveld)
Frammøte. Kurslokalet Bretun i Jostedalen kl. 21:00. Fordeling og tilpassing av utstyr og utfyllande info om turen.

1. dag)
Frå Bretun i Krundalen med bil til Bjørnstegane nord i Jostedalen. Derfrå på ski i retning mot Fåbergstølen, vidare inn til Fåbergstølsbreen og opp fjellsida langs denne til breplatået. Vidare innover storbreen til skjeret på høgde 1872 ved Brenibba. Teltleir. Ev. kveldstur til Lodalskåpa (2083) eller Brenibba (2018) for dei som vil.

2. dag)
Ev. morgontur til Brenibba. Frå teltleiren til Kjenndalskruna (1830), med flott utsyn til Lovatnet og Ramnefjell og vidare til Høgste Breakulen (1957). Derifrå forbi Kvitekoll til Ramnane (1844) og vidare til litt forbi Bings gryte for ny teltleir.

3. dag)
Frå Bings gryte til foten av Supphellenipa (1731). Ev. avstikkar til toppen. Deretter ned Supphellebreen og Flatbreen til Flatbrehytta med fin utsikt over Fjærlandsfjorden. Vidare frå hytta bratt (på ski eller til fots) ned til Øygard i Fjærland og derifrå vidare med buss til Sogndal og Jostedalen.

Med atterhald om ver- og føretilhøve og deltakarane sine føresetnader vil ein prøve å gjennomføre dette dagsprogrammet på Josten på langs-turen.

Målgruppe for kurset:
Alle som ønsker å gå Josten på langs. Deltakarane må møte i god fysisk form og ha fjellski-erfaring.

Aldersgrense 15 år

Krav:
• Du må ha god kondisjon og skierfaring frå høgfjellet

Kursmateriell:
Klede:
Ullundertøy langt + skift, ullsokkar tynne / tjukke + reserve, ullgensar ev. fiberjakke,skaljakke (vind og vasstett) m/hette, bukse (vind og vasstett), varm lue + reserve, ullvottar, vindvottar + reserve og ev. gamasjar.

Fottøy:
Varme fjellskisko / telemarkstøvlar. Innesko.

Anna utstyr:
Toalettsaker. Solbriller. Solkrem. Slalåm-/ snøbriller, ryggsekk, telt (vindstabilt), sovepose, liggeunderlag, termos, drikkeflaske (stor), snøspade, fyrstehjelpsutstyr, kart, litt skismurning og skifellar, litt reparasjonsutstyr + tape, kniv, solide fjellski m/stålkantar, kokeapparat, brensel, kjele, skei og matkopp.