Breføring på Nigardsbreen: Lang Blåistur



Sted: Jostedalen - Nigardsbreen parkeringsplass
          Sogn og Fjordane
Type:Åpent kurs / gruppeundervisning
Undervisningstid: Ta kontakt for informasjon
Varighet: 5 timer
Pris: 870

På blåisturen kan du oppleve og utforske dei finaste formasjonar og fargar i den nedre delen av bretunga på Nigardsbreen. Det er ikkje ein hard eller kondisjonskrevjande tur sjølv om ein går noko lenger opp i brefallet enn på den kortare blåisturen.

Innhald:
Ein har undervegs godt utsyn til dei øvre og snødekte delane av Nigardsbreen og Jostedalsbreen. Ein flott tur mellom djupe bresprekkar og høge istårn som gjev deg kjensla av å oppdage og utforske kva ein bre verkeleg er. Turen er lang nok til at me rekk å oppsøkje dei mest interessante og spennande områda.

Krav:
Klede som dekkar heile kroppen (ikkje shorts eller skjørt utan leggings). Ta med varme og vind-/ vasstette klede, stødige sko (terreng-joggesko eller fjellstøvlar) samt mat og drikke.

Billettar:
Online-booking eller dersom det fortsatt er ledige plassar kan ein kjøpe billettar også på Breheimsenteret (kontant eller kredittkort) eller direkte hjå føraren, og då berre mot kontant betaling.

Antall personar:
Min. 2 og maks.16 pers. per førar.

Varigheit:
På isen ca. 2,5 timar. Totalt 4,5 - 5 timar.
Total tid beregnes følgjende:
• Båttransport: 15 min. X 2 pluss litt ventetid.
• Gåing til og fra breen 30 - 45 min. X 2
• Påkledning / opplæring og instruksjon ca. 30 min


Målgruppe for kurset:
Aldersgrense: Min. 12 år

Kursmateriell:
Kursavgiften inkluderer komplett breutstyr og inngangsbillett på Breheimsenteret.