Agronomutdanning for vaksne - nettkurs



Kursarrangør: Stend Videregåande Skule
Sted: Nettkurs / Nettstudie
Hele landet
Type:Nettkurs og nettstudie
Undervisningstid: Ta kontakt for informasjon
Varighet: 2 år

Vi tilbyr nettbasert agronomutdanning for vaksne. Nettbasert agronomutdanning for vaksne tek sikte på å utvikle yrkeskompetanse (kunnskapar, ferdigheiter og haldningar) i høve til allsidig landbruksproduksjon.

Innhald:
Nettbasert agronomutdanning for vaksne inneheld alle programområda som er med i læreplanen for Vg2 og Vg3. Planen inneheld desse programfaga:
• Produksjon og tenesteyting Vg2
• Forvaltning og drift Vg2
• Prosjekt til fordjuping Vg2
• Plante- og husdyrproduksjon Vg3
• Utmark og kulturlandskap Vg3
• Gardsdrift Vg3
• Valfrie programfag Vg3

Dette opplæringstilbodet er utforma slik at måla er identiske med dei mål som finst i:
• Utdanningsprogram for naturbruk - programområde for landbruk og gartnarnæring - læreplan i felles programfag Vg2
• Utdanningsprogram for naturbruk - programområde for landbruk - læreplan i felles programfag Vg3.
Kunnskapsløftet har vidareført ordninga med komprimerte utdanningsløp, som Reform 94 opna for. Nettbasert agronomutdanning for vaksne er også tilpassa denne ordninga.

Målgruppe for kurset

For dei:
• som ønsker å skaffe seg yrkesfagleg landbruksutdanning innan alle dei fagområda som er aktuelle for å drive eigen gard, arbeide som husdyravløysar, landbruksvikar eller med anna praktisk landbruksarbeid.
• som ønsker landbrukskompetanse som eit supplement til annen formell utdanning
• som ønsker å bygge opp formell kompetanse i høve til vurdering av realkompetanse.
• som ønsker grunnleggande kunnskapar, fordjuping eller spesialisering innan enkelte fagfelt.
• som ønsker meir kunnskap om natur- og miljøspørsmål

Inntakskrav:
Skal ein ha grunnleggande kunnskap, fordjuping eller spesialisering innan enkelte fagfelt utan tanke på ei formell utdanning, er det ingen inntakskrav ut over at ein må vere fylt 20 år.

Skal ein ha vitnemål ved fullført utdanning, må ein ha kompetanse i fellesfag tilsvarande 3-årig vidaregåande skule. 5 års yrkeserfaring gjev fritak frå kravet om fellesfag, dersom søkjaren er 25 år eller eldre (Forskrift til opplæringslova § 1-13, siste ledd).

Vidare må ein ha Vg1 naturbruk eller tilsvarande. Dei som ikkje stettar krava til inntak, men likevel ønskjer vitnemål ved fullført utdanning, må gjennom realkompetansevurdering før vitnemål kan skrivast ut.