Agronomutdanning for vaksne



Kursarrangør: Stend Videregåande Skule
Sted: Stend vidaregåande skule
          Hordaland, Bergen
Kursadresse: Fanavegen 249, 5244 Fana (kart)
Type:Åpent kurs / gruppeundervisning
Undervisningstid: Ta kontakt for mer informasjon
Varighet: 1 helg i månaden over 2 år
Pris: Gratis

Vi tilbyr agronomutdanning for vaksne. Som eit ledd i utviklinga og kompetansehevinga i landbruket, tilbyr Stend ei samlingsbasert agronomutdanning over to år. Utdanninga er eit ledd i nasjonal satsing på rekruttering og kompetanseheving i landbruket.

Den er finansiert av Landbruks- og matdepartementet og er eit samarbeid med Vestland fylkeskommune. Studiet gir kompetanse i landbruksfag på Vg2 og Vg3 på vidaregåande skule sitt nivå. Studiet høver godt for deg som er i arbeid fordi det er basert på 9 helgesamlingar (fredag + laurdag) og med innleveringsoppgåver over internett mellom samlingane. Dei som fullfører og består programfaga og har fullført naudsynte fellesfag tidlegare, alternativt får dei godkjent gjennom realkompetansevurdering, får vitnemål som agronom etter 2 år.

Målgruppe for kurset:
Vaksne over 25 år som treng kompetanse for å drive gard eller på annan måte vera yrkesutøvar innan landbruksnæringane.