Raulandsakademiet - Norsk senter for folkekultur

Raulandsakademiet ligg i fjellbygda Rauland i Vest-Telemark. Rauland er kjend for å halde fast på tradisjonane innan folkekultur. Raulandsakademiet A/S blei stifta i 1987. Tidlegare heitte staden Rauland Folkehøgskule og Akademi. Siktemålet til Raulandsakademiet er å drive eit undervisnings- og aktivitetssenter tufta på det beste i folkekulturen. I samarbeid med Rauland husflidslag og Studieforbundet -kultur og tradisjon blir det arrangert ulike kurs i husflid, handverk, kveding og ulike mattradisjonar. I tillegg er det mogleg for grupper og einskildpersonar å bu på staden. Skular, lag og organisasjonar, verksemder og privatpersonar som ynskjer overnatting og tilbod om servering kan bu på Raulandsakademiet. Her kan du arrangere skikurs, øvingshelg, møte eller seminar. Både sommar og vinter byr fjellet på fine naturopplevingar. Ein kan stå slalåm eller snobrett i eit av skianlegga, nytte tilbodet til Rauland Ridesenter eller vitje ei av kunstsamlingane i området.


Matberedskap og permakultur

Me tilbyr kurs i fermentering, sjølvhushald. Bli med tidligere Farmen- mentor, Hedda Kortnes. Lær korleis du med enkle grep kan få ein meir berekraftig kvardag med fermentering og sjølvberging. Målsettinga er å lære korleis du kan kome deg gjennom vinteren med mykje sjølvprodusert mat

Sted Dato Varighet Pris
Vinje Vinje 09.10.2025 4 dager09.10.2025 5400 kr