Vi tilbyr YSK Utvidelse persontransport 35 timer. Gyldig YSK for gods kan utvidast til også å gjelde for persontransport ved å gjennomføre dette kurset. For deg som skal køyre godstransport med køyretøy i klasse D1, D1E, D eller DE, og har YSK for gods fra før.
Når prøve er bestått og YSK er oppnådd kan du frå fylte:
• 21 år køyre persontransport med førarkort klasse D1 og D1E.
• 21 år køyre persontransport i rute med lengde på opptil 50 km med førarkort klasse D og DE.
• 23 år køyre persontransport med førarkort klasse D og DE.
OBS!! Kompetansen får gyldigheit tilsvarande kompetansen du utvidar frå.
Kurset er satt opp slik:
Utdanninga består av 3 modular og det er krav om 90% oppmøte for å få godkjent kurs. Til saman 5 dagar på skulen.
Modul P4:
• Persontransportens vilkår
• Teori og bedriftsbesøk.
Modul P5:
• Persontransport i praksis
• Både teori og praktiske øvingar.
Modul 6:
• Sikker atferd på vegen
• Praktiske køyreoppdrag i samband med teori. Dette er 5. dagen på kurset. Nokre elevar må rekne med å få sine køyreoppdrag på dag 6. eller 7.
Eksamen/sertifisering:
Etter fullført kurs må eleven bestå teoriprøve på trafikkstasjonen før ein kan bestille YSK-bevis (kode 95 på førarkortet)