VG1 - Anleggsgartnar



Kursarrangør: Stend Videregåande Skule
Sted: Stend vidaregåande skule
          Hordaland, Bergen
Kursadresse: Fanavegen 249, 5244 Fana (kart)
Type:Åpent kurs / gruppeundervisning
Undervisningstid: Ta kontakt for mer informasjon
Varighet: 1 år

Vi tilbyr VG1 anleggsgartnar. Vil du byggje og utforme uteområda i Bergen? På Stend kan du gå Vg1 Anleggsgartnar på naturbruk.

Velkommen til ein aktiv skulekvardag med varierte oppgåver ute og inne. Du får arbeide med anlegg og parker på Stend og i nærområdet, bruke små maskiner til å lage fine utemiljø for andre, lage murar og legge heller og belegningsstein.

Vg2 Anleggsgartnar
Det trengs fleire anleggsgartnarar! På Vg2 Anleggsgartnar på Bygg- og anleggsteknikk får du praktisk og teoretisk opplæring i drift og stell av uteanlegg. Du formar nye anlegg, lærer om planter, stein og brukar ulike maskiner. I løpet av året driftar du dei varierte anlegga på Stend, men i periodar er du i praksis i verksemder i nærområdet. Du får dermed god kontakt med bransjen før du skal i lære. Bransjen tek inn mange lærlingar så du har gode sjansar til å få deg lærekontrakt og jobb.


Passer anleggsgartnarfaget for meg?
Vg1 og Vg2 Anleggsgartnar er designa for deg som har ambisjonar om å vere med å byggje og forme flotte uterom. Du formar parkar og installasjonar, driftar grøntanlegg, utformar terreng, held ved like planter og tre og legg til rette for aktiv bruk og bevaring av natur, kultur og friluftsareal. Utdanninga gir deg breie kunnskapar og ferdigheiter som kvalifiserer deg til å arbeide innan verksemder i anleggsgartnarfaget.

Kva lærer eg?
På Stend får du bruke små maskinar og byggje varige utemiljø på skulen sin varierte eigedom. Du arbeider òg inne i den nye anleggsgartnarhallen, lærer å lage murar og legge heller og belegningsstein. Du held parkar og grøntanlegg ved like og set spor etter deg ved å byggje installasjonar for aktivitetar på skulen.

Den historiske renessansehagen på Stend blei rekonstruert og drifta av anleggsgartnarar på Stend, i samarbeid med anleggsgartnarverksemder

Eit gjennomgåande fokus i utdanninga er respekt for godt handverksmessig arbeid, estetikk, kvalitet og at anlegga er tilpassa og funksjonelle.

Sentrale oppgåver er å:
• planlegge og byggje uteanlegg
• drifte og vedlikehalde uteanlegg
• legge til rette for leik, fritid og idrett
• velje rett utstyr, materiale, maskinar og redskaper
• ta val ut frå miljø, vegetasjon og terreng
• etablere veksestad og tilretteleggje vekstvilkår
• sikre at anlegg er universelt utforma
• yte kundeservice
• levere kvalitetssikra opplevingar, tenester og produkt til oppdragsgivar og kundar
• velje løysingar som er levedyktige, kostnadseffektive og som sparar miljøet

Korleis er ei vanleg veke?
Tre dager i veka har du programfag der du arbeider praktisk på skulen eller i nærområda til skulen. I øvingane er du i ei lita gruppe på 8-10 elevar. I tillegg får du utplassering i ei anleggsgartnarverksemd i fleire samanhengande veker gjennom året. Utplasseringa gir god førebuing til læretida.