Tredreiing grunnkurs



Sted: Raulandsakademiet
          Telemark, Vinje
Kursadresse: Akademiet 2, 3864 Rauland (kart)
Type:Åpent kurs / gruppeundervisning
Studie / yrkesutdanning
Undervisningstid: Ta kontakt for informasjon
Varighet: 7 dager
Pris: 7800
Neste kurs: 24.06.2024 | Vis alle kursdatoer

Vi tilbyr grunnkurs i tredreiing. Målsettinga er å gje deltakarna teoretisk og praktisk innføring i tredreiefaget på ein måte som gjer deltakaren trygg på bruk av dreiebenken og utstyret. Gje deltakaren inspirasjon til vidare arbeid med dreiebenken og utforske eigne ideer.

Innhald:
Vi begynner med å trene på å dreie konkave og konvekse former. Ellers vil vi dreie beger, beger med ring, kule, egg, eggeglass, snurrebass, bolle, boks med lokk, skaft til for eksempel ostehøvel og andre ting i så langt vi rekker (har noen ideer). Det er ein dreiebenk til kvar deltakar.

Agenda:
• Vi går gjennom kva som er viktig for sikkerheita mens vi dreier
• Vi forklarer dei enkelte delane av dreiebenken og dei forskjellige verktøya
• Det blir råd om sliping av verktøy
• Litt om historia om tredreiing
• Om forskjellige treslag
• Dreiing i endeved og tverrved og om fiberretning
• Vi lærer å dreie mellom senter og på fri ende
• Vi dreier i tørt trevirke og rått trevirke
• Vi ser litt på former
• Om overflatebehanding
• Om dekorasjon

Lærar: Tor Nyhus

Målgruppe for kurset:
Kurset høver for nybyrjarar og litt øvde tredreiarar

Forkunnskaper:
• Ingen krav til forkunnskaper

Kursmateriell:
Ta med vernebriller eller visir, støvmaske, skyvelær, meterstokk, blyant og papir. Ta med dreiejern dersom du har. Læraren har også dreiejern til utlån. Dersom du har emne eller material du vil bruke på kurset, ta det med. Arbeidsklede som tåler støv. Pass på å ha klede som ikkje kan seta seg fast i dreiebenken, bind opp langt hår m.m.

Lærer held sandpapir, maling, olje og voks. Pris kr 250 per deltakar. Emne til dreiing får du kjøpt av lærer. Pris fra kr. 50 til kr 200,- Pris er avhengig av størrelse og mengde. Rått material er gratis. I verkstaden er det ein dreiebenk til kvar deltakar. Leie / lån av tredreiejern for bruk på kurset kr 350,-.

Vi gjer merksam på:
Gjennom Studieforbundet kultur og tradisjon er dette kurset dekka av Kopinoravtalen, som tillet kopiering frå bøker og trykksaker til undervisningsføremål. Vi reknar med at deltakar følgjer sikkerhetsinstruksar frå kursarrangør og kurslærar. Kursdeltakar er ikkje dekka av forsikring frå arrangør

Avmeldingsinformasjon:
Påmeldinga er bindande. Dersom du ikkje kan møte på eit kurs du har meldt deg på, er det viktig at du melder frå skriftleg (e-post eller brev) så fort som mogeleg.

Ein betalar eit depositum på kr 950 ved påmelding av eit kurs. Innbetalt depositum blir ikkje refundert fram til fire veker (28 dagar) før kursstart. Ved avmelding seinare enn 28 dagar før kursstart må heile kursavgifta betalast. Dette gjelder også om det er sjukdom eller andre årsaker.

Ein kan bytte kurs innanfor sama år, men kan ikkje skuve påmeldinga til neste år.

Vis flere tilsvarende kurs: