Sertifiseringskurs i brannsikring ved varme arbeid



Sted: Lofthus
          Hordaland
Type:Åpent kurs / gruppeundervisning
Undervisningstid: kl 09:30 - 16:30
Varighet: 1 dag
Pris: fra 1.700

Vi tilbyr sertifiseringskurs i brannsikring ved varme arbeid. Brann kan fort oppstå ved utføring av varme arbeid. Den som utfører slikt arbeid, skal ha innsikt i brannrisiko, og utføre arbeidet på ein slik måte at brann ikkje oppstår.

Innhald:
Varme arbeid er arbeid med utstyr som kan gje gneistar eller varme nok til å tenne ein brann. Forsikringsselskapa stiller krav til sertifikat for utføring av varme arbeid. Dette gjeld også bønder på eigen gard, og det gjeld og for brannvakt.

Kurset tek føre seg:
Sertifiseringsordninga for brannvern ved utføring av varme arbeid:
• Gjeldande regelverk / sikkerheitsforskrift og arbeidsinstruks
• Brann- og sløkkjeteori
• Risiko ved utføring av varme arbeid
• Praktisk slokking
• Eksamen

Pris:
• 1.900 for medlemar i NLR
• 1.700 for medlemar med HMS-avtale
• 2.700 for andre

Målgruppe for kurset:
Alle som ønsker sertifiseringskurs i brannsikring ved varme arbeid. Undervisninga følgjer mal frå Norsk Brannvernforening og dekkar alle bransjar, men vi har lagt til ein del konkrete hendingar som handlar direkte om dei farar som er særskilde for landbruket.

Kursmateriell:
Bøker og eksamen er tilgjengeleg på norsk, engelsk og polsk, men undervisninga er på norsk. Kursavgiften inkluderer lunsj.

Eksamen / sertifisering:
Fullført kurs med godkjent eksamen gir sertifikat for Varme arbeid utferda av Norsk Brannvernforening. Læreboka er digital. Boka er i eit EPUB-format, og det betyr ein treng eit særskilt program for å lese ho. Du får informasjon om tilgang til boka når du har meldt deg på kurset.