Minibuss klasse D1



Kursarrangør: Langvatn Trafikkskule
Sted: Møre og Romsdal, Volda
Møre og Romsdal
Kursadresse: Morkamyra 15, 6105 Volda (kart)
Type:Åpent kurs / gruppeundervisning
Undervisningstid: Ta kontakt for informasjon

Vi tilbyr opplæring til førarkort minibuss klasse D1. Denne klassa gjeld føring av motorvogn for persontransport med 9-16 passasjerplassar i tillegg til førarplassen. Motorvogna skal ikkje vere over 7,5 meter lang. Tilhengar med tillatt totalvekt høgst 750 kg.

Alle som skal ta førarkort i tyngre klasser må ha godkjent helseattest frå lege. Denne skal leverast på trafikkstasjonen. Vi anbefalar å skaffe dette, samt søke om førarkort så snart du har starta på opplæringa. Dersom du skal køyre minibuss i yrkessamanheng må du også ha yrkessjåførutdanning for persontransport.

Trinnvis opplæring:
Dei aller fleste vel å lese til teoriprøve for minibuss på eiga hand. Køyretimar avtalast undervegs med kvar enkelt utifrå behov. Vi skreddarsyr eit opplegg som passar for deg. Teoriprøve må vere bestått, og helseattest levert på trafikkstasjonen før ein kan bestille oppkøyring.

Trinn 1:
• Grunnkurs tunge køyretøy - 3 timar. Obligatorisk (Fritak dersom du har førarkort i ei tung klasse fra før).

Trinn 2:
• Grunnleggande køyretøyteknisk og køyrekompetanse, som skal avsluttast med obligatorisk trinnvurderingstime.

Trinn 3:
• Trafikal opplæring, som skal avsluttast med obligatorisk trinnvurderingstime

Trinn 4:
• Ulykkesberedskapskurs - 9 timar. Obligatorisk og felles for alle tunge klasser (Fritak dersom du har førarkort i ei tung klasse frå før).
• Sikkerheitskurs på veg - 6 timar. Obligatorisk kurs (Fritak dersom du har førarkort i ei tung klasse frå før).
• Avsluttande opplæring før førarprøve.

Målgruppe for kurset:
Alle som ønsker førarkort minibuss klasse D1

Aldersgrense: minstealder: 21 år