Bygdeyoga er eit lavterskel yogatilbod i Ulstein kommune. Tilbodet er tilgjengeleg både på Reitensalen i Ulsteinvik og på Dimna Grendahus.

Linn Urke Osnes frå Skeide i Ulsteinvik, er drivar og yogalærar i Bygdeyoga. Ho er utdanna yogalærar frå Yogaworks, og underviser Hatha yoga (fysisk yoga). Linn har bakgrunn som dansar og dansepedagog og er sertifisert instruktør i Mindfulness. Linn er inspirert frå mange ulike yogatradisjonar og stilar, men yogaen på Bygdeyoga er jordnær og lett tilgjengeleg for dei fleste. Når du kjem på ein yogatime i regi av Bygdeyoga skal du kjenne deg velkomen, komfortabel og inspirert til å ta fatt på din eigen yogapraksis.

Bygdeyoga tilbyr i hovudsak fire ulike tilbod:
- Mjuk flyt
- Energiflyt
- Sterk flyt
- Nybyrjarkurs

Linn er opptatt av å tilrettelegge for ulike kroppar, forutsetningar og nivå, og at yogatimane skal vere trygge men samtidig inspirerande og utfordrande. Timane er sjeldan like, men nokre Asana (øvingar) er gjengangarar i kvar time. Yo


<< Forrige side  |  1 2   | 

Yogatimar - Yin yoga

Vi tilbyr kurs i yin yoga. Dette er ein svært roleg time som har fokus på avspenning og ro. Det er i hovudsak sittande og liggande øvingar, og vi held posisjonane lenge. Gjerne to minutt eller meir. Yin yoga har ofte ein svært positiv effekt på stress og anspente kroppar.

Sted Dato Varighet Pris
Ulstein / Ulsteinvik Ulstein / Ulsteinvik 8 kvelder 1.200 kr  
<< Forrige side  |  1 2   |