Sylv, filigran -verkstad for vidarekomande



Sted: Raulandsakademiet
          Telemark, Vinje
Kursadresse: Akademiet 2, 3864 Rauland (kart)
Type:Åpent kurs / gruppeundervisning
Studie / yrkesutdanning
Undervisningstid: Innsjekking frå kl. 14.00
Varighet: 7 dager
Pris: 8500
Neste kurs: 23.06.2025 | Vis alle kursdatoer

Me tilbyr kurs om sylv, filigran -verkstad for vidarekomande. Målsettinga er å gje den einskilde tryggleik til å bli meir sjølvstendig. Gjera ferdig arbeide som har blitt liggjande p.g.a av ulike årsakar, eller at du er usikker på kva som er beste løysing.

Innhald:
Gje ei innføring i enkel graveringsteknikk med spisstikkel og trambulering med flatstikkel. Dele erfaringar og hjelpe kvarandre. Deltakarane arbeider med eigne prosjekt og får rettleiing. Om ein ynskjer ei ny oppgåve melder deltakar frå til Eli, og saman blir deltakarar og lærar einige om t.d. to felles oppgåver ein kan velje mellom(lærar sitt framlegg: rosesylje eller maler). Det vil også vera tilbod om innføring i enkel gravering for dei som ynskjer det. Arbeidsforma er litt felles undervisning og mykje individuell rettleiing.

Lærar: Eli Taugbøl. Epost: eli.gullsmed(a)gmail.com

Målgruppe for kurset:
Dette er eit vidarekomande kurs i filigran. Kurset passar for dei som har eit godt grunnlag og erfaring med sylvarbeid og filigran frå før.

Forkunnskaper:
• Du må ha erfaring med filigran frå før. Filigran er sett saman av mange små detaljar, så det er viktig å sjå godt. Ta gjerne med briller eller lupe ved behov.

Kursmateriell:
Ein spiss og ein flat stikkel. Me tilpassar, monterar og sett opp stikkelen på kurset. Ta med skrivesaker og lighter. Lesematerial: ‘Filigran’ av Marit Andersen.

Me gjer merksam på:
Gjennom Studieforbundet kultur og tradisjon er dette kurset dekt av Kopinoravtalen, som tillet kopiering frå bøker og frå arrangør. Trykksaker til undervisningsføremål. Me reknar med at deltakar fylgjer tryggleiksinstruksar frå kursarrangør og kurslærar. Kursdeltakar er ikkje dekt av forsikring frå arrangør.

Avmeldingsinformasjon:
Påmeldinga er bindande. Dersom du ikkje kan møte på eit kurs du har meldt deg på, er det viktig at du melder frå skriftleg (e-post eller brev) så fort som mogeleg.

Ein betalar eit depositum på kr 950 ved påmelding av eit kurs. Innbetalt depositum blir ikkje refundert fram til fire veker (28 dagar) før kursstart. Ved avmelding seinare enn 28 dagar før kursstart må heile kursavgifta betalast. Dette gjeld også om det er sjukdom eller andre årsaker.

Ein kan bytte kurs innafor sama år, men kan ikkje skuve påmeldinga til neste år.