Rallylydighet



Kursarrangør: Sykkylven Hundeklubb
Sted: Sykkylven
          Møre og Romsdal
Type:Åpent kurs / gruppeundervisning

I denne hundesporten er glede, samspel og haldninger det aller viktigaste. Ønsket er at alle øvingane skal utførast på ein naturleg og flytande måte. Det er viktigare med samarbeid, godt humør og ei positiv haldning enn presisjon.

Øvingane kan bestå av moment frå lydigheit, freestyle og agility alt etter i kven av dei fire klassene ein går i.

Rallylydigheit blir utført ved at ein orienterer seg etter dei 15 – 22 nummererte skilta som er sett saman til ei bane av ein dommar. Skilta fortel deg kva du skal gjere, anten på staden eller vidare til neste skilt - derav namnet Rally. Mellom øvingane som står på skilta skal ekvipasjen gå line-føring/fri ved fot, dersom ikkje anna er forklart på skiltet. Dommaren held seg taus under heile konkurransen og trekker poeng etter som ekvipasjen gjer feil undervegs.

Sykkylven Hundeklubb har mange aktive ekvipasjar i rallylydigheit, og vi har faste treningar kvar tysdag frå klokka 18.00-20.00. Før stemne blir det gjerne lagt opp til fleire treningsøkter, men det er også mogleg å gå saman og låne nøkkel til lokala våre for eigen- og fellestrening utanom fast treningstid.

Vis flere tilsvarende kurs: